nyhende

Sveio skule.
Sveio skule.

Tilrår å avlyse eksamen for både grunnskulen og vidaregåande

Utdanningsdirektoratet tilrår å avlyse både skriftleg og munnleg eksamen i grunnskule og vidaregåande skule denne våren.

Publisert Sist oppdatert
NPK-NTB: Det går fram av ein risikoanalyse som direktoratet la fram måndag.

Unntaket er for privatistar og kandidatar som må ta eksamen for å bestå faget.

– Eksamen er ein viktig del av sluttvurderinga i Noreg. Sjølv om det er mange argument for å avlyse eksamen, er det òg argument for å gjennomføre. Dette har derfor vore ei krevjande vurdering å gjere, seier direktør Hege Nilssen i Utdanningsdirektoratet i ei pressemelding.

Både i 2020 og i fjor vart alle skriftlege og munnlege eksamenar på desse trinna avlyste på grunn av koronapandemien. No tilrår altså Utdanningsdirektoratet altså at det skal skje for tredje gong.

Det er Kunnskapsdepartementet som skal ta den endelege avgjerda.

Fleire har kravd at eksamen blir avlyst, blant dei Oslos skulebyråd Sunniva Holmås Eidsvoll (SV).

(©NPK)

Powered by Labrador CMS