nyhende

Frilager Haugalandet leiger ikkje berre ut ski, syklar og kanoar – no kan du også klede til turen.
Frilager Haugalandet leiger ikkje berre ut ski, syklar og kanoar – no kan du også klede til turen.

Tilbyr utlån av turklede til grupper på tur

Utleigeportalen Frilager Haugalandet lanserer no eit nytt tilbod for dei som skal ut på arrangerte turar.

Publisert Sist oppdatert

Det nye tilbodet er spesielt retta mot skular, frivillige og organisasjonar som skal arrangera turar for å inkludera og integrera. Kommunane kan også nytta seg av tenesta, som har klede som passar barn, ungdom og vaksne.

Ein skaphengar er fylt opp med turklede som kan køyrast rundt for å kle opp folk som skal på tur. Frilager tar seg av vask og impregnering.

– Me ønsker å kunna dekka behovet for bekledning og inkludera alle til å bli med ut, uansett kva økonomiske rammer familien har, står det i ei pressemelding.

Det er Haugesund Turistforening, Friluftsrådet Vest og Haugesund Røde Kors som står bak leigeportalen, som frå før av leiger ut ski, syklar og kanoar. Sparebankstiftelsen SR-Bank har tildelt 300 000 kr til «Rullende Bekledning».

Frilager Haugalandet låner ut det du trenger til ein kjekk tur i det fri – heilt gratis. Tilbodet er spesielt retta mot skular og frivillige lag og organisasjonar.
Powered by Labrador CMS