nyhende

– Nytt for årets influensasesong er at personar i risikogruppa ikkje treng resept frå lege for å få influensavaksine, det kan du gjera her hos oss, opplyser dagleg leiar ved Apotek1 Sveio, Younes Bakali og farmasøyt Kjersti Møller.
– Nytt for årets influensasesong er at personar i risikogruppa ikkje treng resept frå lege for å få influensavaksine, det kan du gjera her hos oss, opplyser dagleg leiar ved Apotek1 Sveio, Younes Bakali og farmasøyt Kjersti Møller.

Tilbyr drop-in vaksinering

Denne hausten kan kundar stikka innom apoteket for å få sett influensavaksine, utan at det er nødvendig med resept frå lege. Kriterium fram til 1. desember 2020, er at tilbodet berre gjeld personar som er i risikogruppa.

Publisert Sist oppdatert

Å setja influensavaksine på apoteket er ikkje noko nytt, men i år har Apotek1 utvida tilbodet. Det er berre å koma til apoteket så ordnar kvalifisert helsepersonell resten. Såkalla drop-in. Nedre aldersgrense i apotek er 12 år.

Godt motteke

– Me får dagleg spørsmål om influensavaksinen er tilgjengeleg og om me kan setja vaksinen, fortel dagleg leiar ved Apotek1 Sveio, Younes Bakali. I løpet av dei siste fjorten dagane har rundt 20-30 personar vore innom og fått vaksinen.

Apoteket i Sveio senter har rigga til eit eige vaksinasjonsrom der alt nødvendig utstyr er på plass, også adrenalin, om det skulle bli nødvendig. Når ein blir vaksinert er det viktig at ein blir sitjande i lokalet ca 20 minuttar etterpå.

Ikkje subsidiert

Verdt å merka seg er at prisforskjellen mellom apotek og legekontor er forskjellig. For personar i risikogruppa er differansen du betalar for influensavaksine 338 kroner meir på apoteket enn hos lege. Årsaka er at legekontor blir subsidiert av staten.

Powered by Labrador CMS