nyhende
Byggjer ut Sveio golfpark for 16,8 millionar kroner
Tilbodet til golfarar er styrka – og medlemslista veks
Medan greenen har vore meir kvit enn grøn den siste tida, har golfarane nytta godt av den topp moderne simulatoren i det nye servicebygget. Det er gode tider for Haugaland Golfklubb, som det siste året har fått mange unge spelarar inn på bana – mange av dei besøker Sveio Golfpark.
Ein skulle gjerne ikkje tru det, men vekevis med snø og frost har gjort godt for ny driving range og 9-holsbanen som tar form på Sveio golfpark. Maskinane som har dura og gått sidan september 2019 har i vinter fått seg ein pause, medan topplaget godgjer seg.
Skal så i år
– Alt går etter planen. Hovuddelen av arbeidet er ferdig, me har venta på frosten, den bidrar til å bryta opp jorda som ligg utover, og bidrar til kultivering. Dette er for å betra både jordkvalitet og drenering, seier Per Bjørn Habbestad, styreleiar i Sveio Golfpark AS.
Når det vårast vil ein leggja igjen vegar som går i systemet. Plukka stein, gjødsla og så i – i beste fall er alt klart i inneverande år.
Meir proff-venleg
– Eg har gleda meg lenge, eg har vore tilsett her i 11 år. Det har lenge vore snakka om ny range, seier den irske golfproffen Gavin Hinds, som er dagleg leiar i Sveio Golfpark.
På ein driving range kan golfarar slå ut ballar på eit ope område, og øva på golfsvingen. Den gamle ligg ved Albatross senter, og nært opp til eit bustadfelt. Banen er berre 180 meter lang, og i kortaste laget for mange.
– Det er alt for begrensa. Med ny range vil treningstilbodet vårt bli så mykje betre for alle, frå nybegynnarar til elitespelarar. Nybegynnarar som ikkje heilt har kontroll kan slå skeivt, medan elitespelarane kan slå langt, forklarar Hinds.
Det ligg også til rette for å ta imot profesjonelle spelarar, og arrangera turneringar med trenings-fasilitetar for eliten.
Han håpar at det blir opning av utslagsfeltet, som har eit eige område for nærspel i august.
Mange nye medlemmer
Korona har ikkje påverka golfmiljøet negativt.Tvert om har det vore ei solid auke i tal medlemmer i Haugaland Golfklubb, og då av den yngre sorten.
– Kven er dei nye medlemmene?
– Fotballspelarar. Då dei ikkje fekk trena måtte dei finna på noko anna, forklarar Hinds.
Og at nokon begynner med sporten, har ein positiv effekt, slik at fleire også får lyst til å prøva. I følgje Hinds kjem dei nye medlemmene frå både Sveio og distriktet rundt oss. No er det rundt 1000 medlemmer i Haugaland Golfklubb, rundt 650 av dei har heimebana si i Sveio.
– Mange kjem her berre for å spela, mange tar seg ein dagstur frå Bergen og Stavanger. Me såg alt ein positiv verknad i 2019, eg håpar me kan veksa vidare i 2021.
Populær simulator
Det er Haugaland Golfklubb som er formell prosjekteigar for servicebygget, driving range og 9-holsbana.
Servicebygget i to etasjar er klart og tatt i bruk. Første etasje fungerer som garasje for maskinar og utstyr til golfparken, som består av 25 ulike maskinar.
I andre etasje er det garasje for golfbilar, og her skal det bli sju utslagsplassar til driving range.
Her er også treningsstudio med det beste treningsverktøyet som er tilgjengeleg, ein trackman-simulator. Den opna i desember, og har vore godt brukt sidan, døgeret rundt – 12-13 timar dagleg.
Manglar éin ting
– Ein kan skyta ballen i eit lerret, men ein vil også kunna opna ein garasjeport og skyta ballen ut på rangen. Ein vil då få opp alle moglege opplysningar slik som fart, skru, lengde, smiler Hinds, som tydeleg er stolt over korleis ting lagar seg. Folk kjem frå Austlandet eins ærend for å spela, mange skryt over anlegget, og no skal fasilitetane bli enda betre.
– Kva manglar du no?
– Overnattingmoglegheiter. Me har eit godt samarbeid med Albatross Spa, og Scandic Maritim Hotel i byen. I fjor kom rundt 500 overnattingar frå klubben, opplyser han.
Prosjektet
Prosjektramma totalt er på 16,8 millionar kroner.
– Finansieringa er ein komposisjon av ei rekke ulike element. Tippemidlar, momsrefusjon, dugnad, tilskot frå golfparken, frikjøp av gamal driving range – alt dette finansierer totalen, seier Habbestad.
9-holsbana kjem på austsida av ny driving range. Her er halve området regulert til golfbane, andre halvparten må omregulerast, her avventar ein ny reguleringsplan før vidare framdrift.
– Det er bygd 4 hól på delen som er regulert, seier Habbestad.
Sveio kommune eig 67 prosent av aksjane i Sveio Golfpark.