nyhende

Tilbake til røtene – no skal det vere norsk og tradisjonell mat

Sjølv om vi nordmenn et veldig mykje pizza og taco, er det heilnorsk mat som no er i vinden. Norske og kortreiste råvarer er det vi vil ha.

Publisert Sist oppdatert

Og skulle det dukke opp ein blodpudding på menyen, er det mykje som tyder på at du er hamna på ein eksklusiv restaurant i den nye gourmethovudstaden i Noreg.

– Vi søkjer det trygge og vante no i desse urolege tidene. No er det viktig at råvarene er norske og at matproduksjonen støttar opp om lokale arbeidsplassar og at vi gjennom kjøttproduksjonen tar vare på det norske kulturlandskapet, seier Annechen Bahr Bugge til Nynorsk pressekontor. Ho er forskar ved forbruksforskingsinstituttet Sifo og er kanskje ein av dei som kan mest om matvanane våre her i landet

Heiar på bonden

– Norske arbeidsplassar og sympati med bonden er kanskje den største grunnen til at vi vel norsk mat, men det er også høg tillit til den norske maten generelt. Bruk av plantevernmiddel og antibiotika og dyrevelferd er også viktig for forbrukaren. Det er ingen som seier at dei føretrekkjer utanlandske landbruksprodukt, seier Bugge.

Det er i det heile tatt mykje uro blant forbrukarane, mykje skam og dårleg samvit for at matvala våre får negative konsekvensar, ifølgje forskaren.

– Berre ein av ti meiner dei har god kunnskap om norsk matproduksjon og ni av ti kjenner ingen som driv med matproduksjon. Her har matprodusentane mykje å gå på når det gjeld å framsnakke og vise korleis maten blir til, fordi dette er noko forbrukarane er opptekne av, seier Bugge.

Lokalmat aukar

Forskaren viser til at åtte av ti seier vi bør ete meir lokalmat her i landet. Ferskvaransvarleg i MENY, Espen S. Lie merkar godt denne trenden og butikkjeda melder om at 7,4 prosent av maten dei sel er lokalmat.

– Spesielt etter oste-VM i Trondheim der fleire norske handverksostar gjorde det sterkt og vi til og med fekk ein verdsmeister, merkar vi at kundane blir meir opptekne av norske gode råvarer, seier Lie.

Ein av dei som har bygt arbeidsplassar rundt trenden er den vesle syltetøyfabrikken Røyland gard i Agder.

– Veksten har vore på fantastiske 40 prosent ut av butikk. Vi samarbeider godt med butikkjedene og resultatet viser at kundane vil ha produkt som utelukkande er laga av norsk frukt og bær, seier Pernille Vea, som saman med mannen tek i bruk ressursar som finst i nærområdet rett utanfor fabrikken.

– Fleire har blitt meir bevisste på at lokalmat kan bidra til å redusere miljøbelastninga knytt til matproduksjon og dei vil gjerne støtte opp om lokale arbeidsplassar.

– Du er ikkje bekymra for at vi er blitt for late til å plukke og sylte våre eigne bær?

– Nei, mange driv med det framleis, men vi kan vere eit supplement til det og marknaden viser at her er det plass til både våre produkt og det folk er flinke til å lage sjølve, seier Vea.

Stabilt kjøttforbruk

Sjølv om vi stadig blir fortalt at vi bør ete mindre kjøtt og vi høyrer om barnehagar og skular som skal bli kjøttfrie, ser Sifo-forskaren få teikn til at nordmenn vil kutte ut kjøtet. Det at unge skal vere dei som først og fremst går over til eit plantebasert kosthald verkar også å vere ein myte.

– Tvert i mot er det dei unge som et mest kjøtt, medan dei eldre er flinkare til å ete fisk og skaldyr seier Bugge.

Ferskvaresjefen i MENY ser heller ingen teikn på at vi går mot ein vegansk trend.

– Kanskje går det litt mindre biff for tida, men det er meir slik at folk heller vil ha noko spesielt når dei skal unne seg litt kjøtt. Då vel dei seg gjerne eit kjøtstykke som er tørrmodna og kanskje dei vil ha ein spesiell kjøttrase, fortel Lie.

Heile dyret

Lie peikar og på ein annan trend som er sterk for tida: Kundane er meir og meir opptekne av å bruke heile dyret.

– Vi sel stadig meir av det som på engelsk heiter «ugly parts», slik som til dømes culotte, skirt steak og flat iron steak. Dette er stykningsdelar som tidlegare gjekk i kjøttkverna.

Annechen Bahr Bugge i Sifo har også fått med seg at vi er blitt flinkare til å bruke heile dyret frå nase til hale, som ho kallar det. Ho meiner dei unge er pådrivarane her og vil lære seg korleis ein kan ete på ein meir berekraftig måte.

– Når luksusrestaurantane i til dømes Trondheim set blodpudding på menyen, er det eit teikn på at det skjer ting der ute. Trondheim er elles i ferd med å segle opp som ein kulinarisk hovudstad her i landet.

Powered by Labrador CMS