nyhende
Tilbake til bygda ho byrja som kunstnar
Valestrand kulturkyrkje held open kyrkje i tre veker på rad i sommar. Denne gongen stiller dei ut maleri av valestrending Eli Synnøve Lidal, som byr på ei reise i tid.
Tysdag 4. juli opnar dei dørene for sommarutstillingen.
– Då vert det opningsarrangement, kor ordførar held tale og det vert både kulturelle innslag med organist og eit intervju med sommarkunstnaren, seier prest Arild Steinsland.
Kunstnaren som vert profilert denne gongen er Eli Synnøve Lidal, ei valestrending som er busett på Karmøy.
– Eg kjem opphaveleg derifrå. Difor sa eg ja til å vera sommarkunstnaren deira, og synest det er stas, seier Lidal.
Tilbake til byrjinga
Ho vaks opp på Tittelsnes og hadde si første utstilling som kunstnar på Einstadbøvoll.
– Det passar veldig godt at eg byrja på Valestrand for 20 år sidan, og no er eg tilbake, seier Lidal.
– Utstillinga heiter «Reise i tid», kva kan ein forventa å sjå?
– Det handlar om vegen eg har hatt med min kunst, frå kor eg byrja til der eg er no, seier Lidal, som ikkje vil avsløra for mykje.
Ho vart sjølv konfirmert i kyrkja, og snakkar varmt om korleis bruken av den har utvikla seg.
– Eg synest det er veldig kjekt at dei har laga ei kulturkyrkje kor dei inkluderer musikk og bilete, seier Lidal.
Lokalt fokus
Berre ein av dei elleve forrige kunstnarane som har vore stilt ut gjennom åra hadde ikkje tilhøve til kommunen.
Steinland seier at det ikkje er eit krav, men at det har berre vorte slikt.
– Me synest det er gøy at det er lokale kunstnarar, seier han.
I snart tolv år på rad har Valestrand kulturkyrkje hatt open kyrkje.
– Folk kan koma innom for ein vaffel og få med seg ei utstilling på kjøpet, seier han.
Presten gjev også ros til dei som gjer det mogeleg med frivillig arbeid.
– Det er bemanna av Kvinne-og familielaget, og Helselaget, og så styret i Soknerådet. Dei tar ei veke kvar. Det har dei gjort i alle åra me har hatt ope, seier han.