nyhende
André Mundal Haukås nyvald leiar i Sunnhordlandsrådet:
Til Stortinget for å sikra vegpengar
Før jul blei Sveio sin ordførar André Mundal Haukås (H) valt til leiar i Sunnhordlandsrådet. Måndag reiser han til Oslo i spissen for ein stor delegasjon frå alle sunnhordlandskommunane.
I løpet av tre dagar i hovudstaden har delegasjonen frå Sunnhordland fleire avtalar. Tysdag og onsdag er sett av til møte i Stortinget. Målet er å fremja Sunnhordland sine interesser, seier Mundal Haukås.
Viktige vegprosjekt
– Samferdsel blir eit viktig tema, ikkje minst fordi regjeringa har flytta rulleringa av Norsk Transportplan (NTP) til dette året. For oss er det viktigaste å sikra midlar til E39 Hordfast og E134 Bakka-Solheim, seier den ferske styreleiaren.
Mundal Haukås er også oppteken av å sikra midlar for å ta igjen det store etterslepet når det gjeld vedlikehald av fylkesvegar, og av kollektivsatsing.
Med i delegasjonen frå Sveio blir også rådmann Jostein Førre. Dei andre kommunane i Sunnhordland blir representerte ved ordførar eller varaordførar og administrasjonsleiar.
– Kjekk oppgåve
Vervet som styreleiar i Sunnhordlandsrådet går på omgang mellom dei åtte medlemskommunane og gjeld for to år om gongen. André Mundal Haukås overtek etter etneordførar Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim og er vald for perioden 1.1. 2024-31.12. 2025. Bømloordførar Morten Helland (KrF) er i same periode valt til nestleiar.
– Sveio har ei svært viktig rolle i rådet som bindeledd mellom Haugalandet og Sunnhordland, seier Mundal Haukås, som også legg til at det er veldig kjekt å få gå inn i leiarrolla og få vera med å fremja alle kvalitetane som Sunnhordland har å by på.