nyhende
Til sjukehus etter utforkøyring
Ein mann i slutten av 50-åra blei sendt til Haugesund Sjukehus etter ei utforkøyring på Tittelsnesvegen ved Tveitvegen torsdag morgon. Mannen var førar og åleine i bilen då uhellet skjedde.
Politiet fekk melding om utforkøyringa klokka 07.20, fortel vaktsjef Dan Magne Gaard ved Haugesund politistasjon. Alle naudetatane rykka ut til staden.
Mista kontrollen
Bilføraren forklarte til politiet at han hadde fått problem på grunn av det glatte føret og mista kontrollen. Bilen hamna først utfor vegen på høgre side og skar deretter over i motsett køyrebane og traff ein fjellvegg. Føraren var vaken og medviten og framsto i første omgang som uskadd. Medan politiet var på staden, kjende han seg likevel etter kvart i dårleg form og blei difor tatt med i ambulansen til sjukehus.
Bilen var på veg frå Sveio sentrum til Haugesund då uhellet skjedde. Gaard seier hendinga framstår som eit hendeleg uhell på glatt føre. Det er oppretta sak, men mannen sitt førarkort er ikkje beslaglagt.
Trass i snøfallet onsdag morgon var det ikkje meldt om fleire trafikkuhell på Haugalandet då Vestavind var i kontakt med politiet.
Utfor vegen i narkorus
Nyttårshelga har derimot vore prega av fleire trafikkuhell i og nær Sveio. Onsdag kveld klokka 19.21 blei det meldt om ei utforkøyring på E39 ved Valestrand. Bilen hamna i grøfta og blei liggjande på sida. Naudetatane rykka ut, og bilføraren viste seg å vera ein gammal kjenning av politiet, fortel Gaard. Mannen i byrjinga av 50-åra framsto som rusa på narkotika. Dette blei stadfesta ved prøvetaking, og førarkortet blei beslaglagt. Også i dette tilfellet var føraren åleine i bilen då uhellet skjedde.
Trafikken forbi ulukkesstaden blei dirigert manuelt til bilbergar hadde henta bilen. Dette oppdraget var fullført ved 21-tida.
Kollisjon ved Sundfør
Nyttårsaftan kolliderte to bilar på E39 ved Sundfør, sør for grensa mellom Sveio og Tysvær. Tre personar blei sende til sjukehus etter denne kollisjonen, som blei meldt til politiet og dei andre naudetatane klokka 14.36.
Det var tett snøver og vanskelege køyreforhold då bilane kolliderte. Ulukka førte til at trafikken i begge retningar forbi ulukkesstaden var stengt ein periode. Først klokka 16.30 blei vegen opna for fri ferdsle igjen