nyhende
Til sjukehus etter utforkøyring
Alle dei tre som var i bilen, blei sende til sjukehus etter ei utforkøyring på Fv. 47 like ved krysset til Kalland ved midnatt natt til torsdag.
Både bilføraren og dei to passasjerane blei i første omgang køyrde til Haugesund sjukehus. Den eine passasjeren, ei ung kvinne, blei frakta vidare til Haukeland universitetssykehus i løpet av natta.
– Me kan så langt ikkje seia noko om årsaka til ulukka, seier vaktsjef Gunnar Sande ved Haugesund politistasjon til Vestavind torsdag morgon.
Han fortel vidare at førarkortet til bilføraren blei beslaglagt på ulukkesstaden.
– Det er oppretta sak og skrive rapport, og ulukka vil bli etterforska vidare vidare, seier Sande.
Annonse
Ingen andre køyretøy var involverte i ulukka, som altså skjedde like nord for grensa mot Haugesund.