nyhende

Til Ørevik med poesi og maleri

Den pensjonerte Haugesunds Avis-journalisten Truls Horvei kjem til Ørevik grendahus måndag for å presentera den siste diktboka si, «Framoverlent i fluktstol». Boka kom ut på Kapabel forlag i fjor.

Publisert Sist oppdatert

– Dette er ei bok som handlar om livet og døden, aldring, Gud og om tilværet utanfor arbeidslivet, fortel Horvei til Vestavind.

Inspirasjon til boka har han henta frå den norske sommaren, men også frå reiser til Nice og Malaga.

Eige maleri

Horvei har sjølv laga illustrasjonen til framsida av boka. Under pandemien tok Horvei opp igjen pensel og palett og byrja med akvarellmaling. Etter kvart har han også malt ein del akrylbilde. I tillegg til boka vil han også presentera ein del av bilda sine for publikum i Ørevik grendahus.

– Eg var svært aktiv som malar i ungdommen og vurderte ei stund å satsa på bildekunst. Det blei jounralistikk og poesi i staden, seier Horvei.

No ser han likevel ein samanheng mellom det å skriva dikt og å mala. Han vil fortelja litt om det også på samlinga i grendahuset.

– I den samanheng vil eg også presentera eit par heilt nye dikt som ikkje er med i boka, seier han.

Poesi i gamle hus

Truls Horvei har skrive elleve diktsamlingar og to ungdomsromanar. Debutboka var «Havfruehester» i 1988. Han har laga fleire CD-ar med poesi og musikk. Den første utstillinga av bildekunst hadde han i 2022. I fjor viste han fram noko av kunsten sin ved ei utstilling på Ryvarden.

Det er Sveio folkebibliotek i samarbeid med Nationalbiblioteket som står bak arrangementet i Ørevik grendahus, fortel biblioteksjef Kristine Thorkildsen i ei pressemelding. Arrangementet inngår i biblioteket sitt prosjekt «Poesi i gamle hus».

Horvei fortel at han i vår også skal besøkja Kvam, Åsane og Stord.

Powered by Labrador CMS