nyhende
Til kamp mot plastforsøpling
Søndag 18. oktober er dagen for årets TV-aksjon. I år går innsamla midlar til å bekjempa plast i havet. Pengane går til WWF (Verdens naturfond), aksjonen har fått namnet «Et hav av muligheter».
I år går NRK sin store innsamlingsaksjon til WWF og kampen mot plast i havet, blant anna gjennom målretta tiltak i storbyar i Vietnam, Thailand, Filippinane og Indonesia.
Digital aksjon
På grunn av smittevernet må ein i år samla inn pengar via digitale løysingar. Alle får likevel gode moglegheiter til å bli med å bekjempa plast i havet, sjølv om det ikkje kjem fysiske bøsseberarar og bankar på dørene.
Årets aksjon blir annleis på mange måtar, og dét vil naturleg nok gjera utslag på resultatet.
– Me veit det er mange, både privatpersonar og næringslivet, som har vore gjennom eit tøft halvår grunna covid-19, det er difor ikkje å forventa at alle har moglegheit til å gje så mykje som dei ønskjer, fastslår leiar i Sveio frivilligsentral og aksjonsleiar, Kristianne Uri.
Fredag sat ho i planleggingsmøte saman med ordførar Linn Therese Erve og ungdomskoordinator i Sveio, Flemming Lothe. Dei er tre blant mange som er involvert i aksjonen i Sveio.
– Me er heldige her i Sveio, me er ein liten kommune med mange trufaste folk som alltid stiller opp, fastslår trioen.
– Lokalt prøver me å tenkja praktisk på korleis synleggjera årets tema, me vil blant anna oppfordra næringslivet til å engasjera seg, vera synlege. Eit eksempel kan vera å marknadsføra TV-aksjonen på sine nettsider, seier Erve.
Konkurranse
Flemming Lothe har det siste halve året gått online for å halda kontakt med ungdomen i Sveio, eit tilbod som har blitt godt motteke. Lothe fortel at han no er i tenkeboksen om korleis han kan engasjera dei unge i samband med TV-aksjonen.
– Eg ser for meg ein videokonkurranse, med tema Havet, og kor livsviktig det er å ta tak. Nyleg las eg ei fersk studie, utført av forskarar ved eit universitetet i Australia, som viser at me menneske får i oss plast tilsvarande eit kredittkort i veka berre gjennom vatnet me drikk, seier Lothe engasjert.
Den enklaste måten å engasjera seg på i samband med TV-aksjonen 2020, er å oppretta ei eiga digital bøsse og samla i ditt nettverk. På blimed.no finn du opplegg både for privatpersonar, skular, barnehagar og organisasjonar.