nyhende
Tidlegare student Ruth (36) blir heidra av universitetet
Alumniprisen blir tildelt tidligare studentar frå Handelshøgskolen ved UiS som har utmerka seg i samfunns- eller næringsliv. I år går den til Ruth Vihovde Strand (36), som har sjonglert familie, studiar og jobb – og på same tid bygd karriere.
– Det er sjølvsagt svært stas å få ein pris, og eg blei veldig, veldig overraska. Eg synest det er fantastisk at ein ikkje må ha ei flott leiarstilling for å bli sett i forhold til karriere og prestasjonar. I mange samanhengar er det jo slik at det er tittelen du har eller løna du mottar som definerer kva du har oppnådd, kommenterer Ruth Vihovde Strand, som bur nær Sveio sentrum med familien sin.
Etterforskar økonomisk kriminalitet
Prisvinnaren har ei mastergrad i økonomi og administrasjon fra UiS, og etter studiane har ho bygd seg ei solid karriere.
I dag jobbar Vihovde Strand i Skatteetaten, og ho er utleigd til politiet for å hjelpa dei i etterforskinga av økonomisk kriminalitet. Sakene ho jobbar med handlar ofte om skatte- og avgiftsunndraging, brot på rekneskapslova og svindel av privatpersonar og selskap.
Toppkarakter
Alumniprisen blir tildelt tidligare studentar frå Handelshøgskolen ved UiS som har utmerka seg i samfunns- eller næringsliv. I grunngjevinga heiter det blant anna: «Vihovde Strand har vist ein enorm kapasitet som student, i arbeidslivet og på heimebane. Samstundes som ho har teke økonomiutdanning og bygd karriere, har ho vore mor til seks barn og jobba deltid ved sida av studiane. Vihovde Strand var også leiar av Stavanger Unge Venstre gjennom nær heile studietida. Mastergraden i økonomisk analyse blei fullført på normert tid, og ho gjekk ut med toppkarakterar på masteroppgåva.»