nyhende
– Tida flaug, og me måtte plutseleg springa for å rekkja å skriva
Gjennom hausten 2025 har Haya Mohammad og Mandy Gaya Ple-Said vore i arbeidspraksis i Vestavind. Dei har stått bak spalta «I arbeidspraksis», der 10.-klassingar fortel om arbeidsdagen sin. No er praksisen over, og denne gongen er det dei sjølve som deler erfaringane sine.
– Eg jobba som journalist i Vestavind.
– Kvifor valde du denne jobben?
– Eg valde denne jobben fordi eg er glad i å skrive, og fordi eg likar å snakka med folk. Eg synest også det høyrdest gøy ut å få noko eg hadde skrive på trykk i avisa, slik at folk i Sveio kunne lesa det eg hadde skrive.
– Kva er arbeidsoppgåvene dine?
– Arbeidsoppgåvene mine var å stilla spørsmål til ungdommar på same alder som meg som har arbeidslivsfag, og å ta bilete av dei. Eg stilte dei seks faste spørsmål om jobben deira som me hadde laga på førehand.
– Kva likar du best med jobben?
– Det eg likte aller best med jobben min, var å få ta bilete av folk. Eg likte veldig godt å ta bilete av dei fine menneska me fekk snakke med, og at det var nye folk me fekk snakke med kvar dag.
– Er det noko du synest har vore utfordrande?
– Av og til var det litt lite tid til alt. Tida flaug, og me måtte plutseleg springa for å rekkja å skriva ned det me trong. Det var også utfordrande å finna folk som både ville bli intervjua og tekne bilete av. Ungdommane var litt for sjenerte, rett og slett.
– Synest du jobben passar for deg? Kvifor og kvifor ikkje?
– Eg trur denne jobben kunne ha passa meg. Eg likar å ta bilete av folk og å snakke med dei. Men viss eg ein gong skulle ha jobba med dette resten av livet, ville eg også vilja skriva om tema som er viktige for meg.