nyhende
Tid til ti nynorske ungdomsbøker?
I januar startar leseaksjonen Tid for ti. Ambisjonen er å gje elevar positive møte med nynorske tekstar, uavhengig av kva for målform dei nyttar til dagleg.
Leseaksjonen rettar seg mot elevar på 7. og 8. trinn og er eit samarbeid mellom blant andre Stiftinga Lese og Nynorsksenteret. Dei har henta fram ti tekstutdrag frå nynorske bøker i vidt ulike sjangrar frå 2025.
Eit av dei viktigaste måla med gratisaksjonen er å gje elevane positive møte med nynorske tekstar, fortel prosjektansvarleg Petra Helgesen i Stiftinga Lese til Nynorsk pressekontor:
– Det er veldig mykje bra litteratur på nynorsk, og det er gjerne litt underkommunisert. Ofte ser me at bøkene blir lagt nedst i bunken bakarst i bokhandelen, så for oss er det viktig å løfte fram noko av all den gode litteraturen som finst.
God introduksjon
Dei som melder seg på klassevis på nettsida tidforti.no innan fristen 10. desember, får tilsendt klassesett med antologiar på papir. Til tekstane følgjer det med eit ferdig undervisningsopplegg som skal skape leselyst og gje elevane ulike inngangar til tekstane. Det er i tillegg spelt inn lydfiler til alle dei utvalde utdraga.
Petra Helgesen understrekar at aksjonen høver like godt både for dei som har nynorsk som sidemål og dei som har nynorsk som hovudmål:
– Det er i overgangen mellom barneskulen og ungdomsskulen at bokmålselevane får nynorsk, og aksjonen er ein veldig fin introduksjon til det nynorske språket. Her får dei lese samtidslitteratur og sakprosa som er mynta akkurat på denne aldersgruppa, i staden for å starte med å pugge grammatikk.
– For nynorskelevane er det ikkje minst viktig at dei blir merksame på kva for bøker som finst for dei på deira eige språk, slik at dei held fast på språket dei er oppvaksne med.
Tid for ti og framtidajunior.no har i tillegg laga ein skrivekonkurranse som elevane som deltek i leseaksjonen kan delta på. Her er fristen for å levere inn bidrag 10. mars.