nyhende
Tid for å stilla klokka igjen
Natt til søndag skal klokka stillast ein time fram. Fram mot lysare kveldar og sommaren.
Det offisielle tidspunktet for å gå frå vintertid til sommartid er klokka 02.00 den 31. mars. Då stilles klokka fram til 03.00.
Me «mister» ein time av natta, men får til gjengjeld lysar kveldar framover. Sidan dette skjer natt til 1. påskedag i år, får me ein dag ekstra å venna oss til endringa. Og ein dag ekstra til å stilla alle manuelle klokker før det er kvardag igjen tysdag. For dei mange som jobbar i påska, kan det bli ein time mindre søvn. Eller litt kortare nattevakt.
Fram og tilbake
Å flytta på klokka to gonger i året blir ulikt praktisert. I 2018 la Europakommisjonen fram forslag om å avvikla ordninga med sommartid i Europa.
Forslaget er framleis ikkje vedteke, og om det blir det, kan Noreg likevel bestemma seg for å halda på ordninga med å flytta klokka fram mot sommaren om våren og tilbake mot sommaren om hausten.
Litt fun facts på ein laurdag
- Justervesenet bestemmer over den offisielle tida i Noreg. Sidan justisministeren har ansvar for Justervesenet, er ho også tidsminister.
- Den historiske grunnen til sommartidordninga var energisparing. Enkelte land innførte sommartid under første verdskrig for å spara kol som skulle brukast i krigen. Nyare studiar viser at me i dag sparar omtrent ingenting av energi.
- Det seiest at George Hudson var den første som foreslo sommartid. Han var forskar og ønskte seg meir sol om kvelden for å driva med insektsamling.
- Noreg hadde sommartid første gong i 1916, deretter i 1940-45, 1959-1965 og så kvart år sidan 1980.
- Nabolanda våre Sverige, Finland og Danmark har sommartidordning i dag. Island er det einaste landet i Europa som ikkje har det.
- Rundt 140 land brukar sommartid. Dei fleste land på dei nordlegaste breiddegradene brukar sommartid frå mars-april til oktober-november, medan nokre land på den sørlege halvkula har sommartid i månadane frå september-oktober til februar-april.
- Land ved ekvator brukar sjeldnare sommartid sidan lengda på dagen ikkje varierer særleg mykje i løpet av året
- Dei første «klokkene» blei ikkje funne opp, men var baserte på systematisk observasjon av naturlege fenomen som viser tida sin gang. Soluret er blant de tidlegaste astronomiske instrumenta.
- I eit solur nyttar ein jorda sin jamne rotasjon og skuggen frå ein sentral ståande visar til å laga ei urskive som viser tida sin gang. Solur fanst i det gamle Egypt og blir også nemd fleire stader i det gamle testamentet.