nyhende

Rektor presenterte nytt tilbod til minoritetsspråklege elevar:

Ti nye førsteklassingar i Førde

Torsdag var første skuledag etter ferien ved dei fem skulane i Sveio. Vestavind var til stades ved Førde skule, der rektor Bjørn Tore Enerstvedt kunne presentera ei heilt ny stilling i tillegg til å ønskja elevar og tilsette velkommen til eit nytt skuleår.

Publisert Sist oppdatert

Førde skule har over mange år hatt minoritetsspråklege elevar. Talet har gått ned dei siste åra. Sidan det braut ut krig i Ukraina har me teke imot fleire barn derfrå. Fleire flyktningar er venta seinare i år. Om det er barn mellom desse, er enno ikkje klart. Skulen er i alle fall klar til å ta imot dei som måtte koma.

Ny stilling

Den nye stillinga er oppretta nettopp for å ta særskilt ansvar for minoritetsspråklege elevar. Ikkje minst gjeld dette dei som nettopp har kome til Noreg. Læraren i denne stillinga skal i utgangspunktet arbeida to dagar i veka ved Førde skule og tre dagar ved ungdomstrinnet på Sveio skule, fortel Enerstvedt.

– Det er viktig å gi dei som kjem, ein god skulestart hos oss. Det kan bli aktuelt å oppretta det me kallar ein velkomstklasse for minoritetsspråklege elevar. Det blir i så fall ein klasse med elevar frå ulike årstrinn der hovudvekta blir lagt på språkopplæring. Språk er grunnlaget for all læring. Når kartlegging viser at dei er gode nok i norsk til å følgja ordinær opplæring, blir dei tilbakeførte til trinna dei høyrer til. Og medan dei enno går i velkomstklasse vil dei vera med dei andre elevane på sine årstrinn i praktiske og estetiske fag, forklarar rektor.

– Litt svevande

Hanne Friis Soland er tilsett i den nye stillinga. Ho har vore lærar i Sveio i 18 år, dei siste tolv åra på Vikse. Det siste året har ho tatt vidareutdanning i andrespråk-pedagogikk.

– Eg fekk elevar med minoritetsbakgrunn i klassane mine og kjende behov for meir kunnskap på dette feltet, fortel Soland.

Medan ho heldt på med vidareutdanninga blei den nye stillinga lyst ut.

– Enno er opplegget litt svevande. Hovudoppgåva mi blir undervisning i norsk for nye barn med minoritetsbakgrunn som kjem til landet vårt, seier ho.

Ti førsteklassingar

Enerstvedt følgde tradisjonen og samla alle elevar og tilsette utandørs til velkomstsamlinga torsdag morgon. I alt har skulen 72 elevar ved starten av dette skuleåret. For ti av desse var dagen ekstra spennande. Dei begynte nemleg i første klasse og hadde ein eller begge foreldra med seg frå starten av.

– Talet på førsteklassingar er stabilt, opplyser kontaktlærar Astrid Sandvik.

Ho fortel at elevane i første klasse representerer tre ulike nasjonalitetar. Alle har vore så lenge her i landet at dei kan snakka godt norsk, legg ho til.

Lågare elevtal

Med 72 elevar frå første til sjuande klasse har det samla elevtalet ved Førde skule gått ned sidan Enerstvedt overtok som rektor for fire år sidan. Han forklarar dette blant anna med at fleire av dei framandspråklege familiane har flytta frå staden.

Powered by Labrador CMS