nyhende

Testar ut langvakter

Ved omsorgssentera i Etne og Vindafjord får dei tilsette koma med ønskje om korleis vaktplanen skal sjå ut. Og dei fleste som ønskjer å prøva ordninga med langvakter, får det.

Publisert Sist oppdatert

Stoffutveksling

Denne saka er henta frå vår samarbeidsavis Grannar.

Ved sjukeheimen i Etne blei det innført såkalla årsturnus for eit par år sidan, der alle tilsette får koma med innspel om korleis dei ønskjer å jobba det komande året, mellom anna med tanke på ferie, helgearbeid og heilagdagar. Ein kan også velja om ein vil gå vanlege vakter med dagtid og kveldsvakter, eller ein kan setja seg opp på langvakter med 14 timars arbeidsøkt og lengre friperiodar mellom vaktene.

ETNE / VINDAFJORD:

Ordninga med langvakter starta ved Etne sjukeheim i byrjinga av desember og så langt har noko under halvparten av dei tilsette nytta seg av tilbodet.

Frivillig ordning

— Ein har nettopp starta med langvakter så ein har ikkje fått evaluert det ennå, men ein er veldig positiv til å prøva det, seier sjukepleiar og tillitsvalt i NSF Reidun Børve og får støtte frå tillitsvalt Elisabet Håland og verneombod Birgitte Håland.

Langtidsvakter er ei frivillig ordning som tilsette sjølv kan velja om dei vil prøva ut, og skulle det ikkje passa kan dei fritt gå tilbake til den gamle ordninga med to-delt turnus.

— Det er eit positivt tiltak å ha valmoglegheit. Og me kan velja å ha langvakt helg og to-delt turnus i vekene, seier dei.

Tilsette som vel langvaktordninga jobbar helg kvar fjerde veke, medan tilsette som går to-delt turnus har jobbehelg kvar tredje veke.

Prosjekt

Langvakt-ordninga starta som eit prøveprosjekt og vil bli evaluert kontinuerleg. Einingsleiar pleie-og omsorg Etne kommune ser på ordninga så langt som positivt og eit godt verktøy for å dekka opp timetalet mellom anna i helgene.

— Alt er basert på frivilligheit og ønskjer dei tilsette å avslutta langvaktene kan dei gå tilbake til vanleg turnus. Tilsette går maks tre langvakter i strekk og har rundt ei veke fri. Men dette varierer litt med stillingsstorleik, seier Eva Jemli.

Einingsleiar pleie og omsorg i Etne, Eva Jemli.

Positiv erfaring

Ølen omsorgssenter og Vindafjordtunet i Vats har litt lengre erfaring med årsturnus og langvakter enn ved omsorgssentra i Etne kommune. Vindafjordtunet var først ute med årsturnus, og innførte ordninga med langvakter for eit par år sidan. Ølen omsorgssenter starta med langvakter i februar i fjor.

— Tilsette får levert ut involveringsskjema der dei kan koma med tre ulike ønskje. Så lagar me ein turnus. Nokre jobbar ordinær tid og andre jobbar langvakter, seier fungerande einingsleiar på Vindafjordtunet, Bjørghild Lunde.

Dei som ønskjer å gå langvakter får ein arbeidsdag på 13,5 timar inklusiv to timars pause, og dei kan velja å gå frå to til fire dagar i strekk.

Ser goda med langfri

— Mange på Vindafjordtunet ønskjer langvakter og me ser ei aukande interesse i Ølen. Mange ser goda med å ha langfri, og ein kan velja om ein vil jobba kvar tredje eller kvar fjerde helg, seier Lunde.

Tilsette som jobbar langvakt opplever å få betre flyt i arbeidet og slepp å stressa for å bli ferdig med jobben i løpet av få timar. Også bebuarane opplever det som positivt når dei får færre å forhalda seg til.

— Me ser at personalet ikkje er så stressa for ting ein ikkje får gjort på dagvakta. Det dei ikkje får gjort på dagtid kan dei gjera seinare på dagen. Og bebuarane synes det er trygt og godt, seier Lunde.

– Har vore veldig populær

Også verneombod Ann-Mari Eikesdal ved Vindafjordtunet har fått mange positive tilbakemeldingar frå tilsette både når det gjeld årsturnus og langvakter.

— Årsturnusen startar kvar februar og har vore veldig populær. Ein veit korleis ein jobbar eit heilt år, og det blir lagt godt til rette slik at tilsette får det slik dei ønskjer. Og dei fleste ønskjer å gå langvakter. Tre til fire langvakter gir ei veke fri, og treng ein fri ei helg kan ein få byta, seier hjelpepleiar og verneombod Eikesdal.

Aukande bruk

Norsk Sjukepleiarforbund (NSF)har saman med arbeidsforskingsinstituttet AFI sett i gang ei studie som ser på langvakter. I studien som skal pågå til 2027, kjem det fram at bruk av langvakter har auka frå 21 prosent i 2018 til 22 prosent i 2022. 73 prosent av dei som jobbar langvakter jobbar kvar fjerde helg, medan 23 prosent jobbar kvar tredje helg. Vestland fylke har i 2022 flest einingar som brukar langvakter, med 56 prosent. Rogaland ligg på 49 prosent.

— Mange vel langvakter, men det er veldig viktig at det skal vera frivillig. Det er viktig for NSF at tillitsvalt og arbeidsgjevar er einige om planane og om pausar og kviletid, seier fylkesleiar Aud H. Rise i NSF Rogaland og ser ikkje berre positive sider ved ordninga.

— Mange er nøgd med dette, men me er også skeptisk til at mange trur dette vil løysa bemanninga, seier ho.

Powered by Labrador CMS