nyhende

Ni nye sjømerke blir no sett ut på ulike stader langs kysten for testing gjennom vinteren. Foto: Lill Haugen / Kystverket
Ni nye sjømerke blir no sett ut på ulike stader langs kysten for testing gjennom vinteren.

Testar nye sjømerke langs kysten

Nye, norskutvikla sjømerke vert no sett ut på utvalde stadar frå telemarks- til finnmarkskysten. Med sterkare lys og smartare design skal dei nye «trafikkskilta til sjøs» testast i nokre av dei tøffaste forholda langs kysten.

Publisert Sist oppdatert

Etter månader og år med utvikling, testing og samarbeid på tvers av mange fagmiljø, er Kystverkets nye sjømerke no ferdige og klare for utplassering.

Det er Kystverket sjølv som har utvikla den nye typen sjømerke, som både gir sterkare lys, toler meir vêr og er lettare halde ved like. No vert dei ni første eksemplara plasserte på ulike stader langs kysten, frå Kragerø i sør til Sørvær i nord. Sjømerka skal testast gjennom vintermånadene, for å gjere eventuelle forbetringar.

– Med over 22.000 sjømerke er Noreg blant dei landa med flest sjømerke i verda. Den lange og utfordrande kysten vår gjer god sjømerking svært viktig for navigasjon og trygg ferdsel til sjøs, seier Roger Holgersen, seksjonssjef i prosjektseksjonen i Kystverket, i ei pressemelding.

Powered by Labrador CMS