nyhende
Testa nytt, nasjonalt nødvarsel
Skvatt du på stolen, i bilsetet eller på solsenga klokka 12.00 i dag? Det er du ikkje aleine om. Heile Noreg fekk nødvarsel på mobilen
Det er politiet som prøvde ut nødvarsel på mobil. Samtidig testa Sivilforsvaret sine tyfonar. Praktisk talt alle over heile landet med mobil deltok, enten dei ville eller ikkje.
Den inntrengande, sireneaktige lyden var høg, og det spela inga rolle om du hadde mobilen på lydlaust eller lågt lydnivå. Nødvarselet overstyrer innstillingane dine.
Nødvarsel kan brukast av myndigheitene til å varsla befolkninga på mobiletelefon om akutte og alvorlege hendingar. Varslet består av opplysningar om kva som hender, og kva du bør gjera for å ivareta og beskytta deg sjølv.
Nødvarsel kan sendast ut ved både lokale, regionale og nasjonale hendingar.
Annonse
Du kan lesa meir på nodvarsel.no