nyhende

Testa årets påskesnop: Dette fall best i smak

Kva påskegodt bør du legga i handlekorga før påske? Dani Lukas Grunnevåg og Jens Olav Steindal Halleraker har smakt seg gjennom fem ulike typar påskesnop – og kåra favorittane sine.

Publisert

Easter Dragee

Jens Olav: – Den smakte godt, men det var litt skilnad på bitane. Den raude hadde ikkje så mykje smak, medan den oransje hadde meir. Den brune var veldig god med typisk sjokoladesmak, og den grøne var også god, med eit hint av eple. Eg gir terningkast 4.

Dani Lukas: – Den smakte ikkje så mykje i starten, men etter kvart vart den betre. Dei oransje og rosa bitane var ganske crunchy. Den brune smakte sjokolade, medan den grøne smakte pære og hadde masse crunch. Eg tilrår denne posen på det sterkaste, og gir terningkast 5.

Nidar marsipanegg

Jens Olav: – Sjokoladen var veldig god, men marsipansmaken vart for sterk for min del. Denne passar nok best for dei som likar mykje marsipan. Eg gir terningkast 3.

Dani Lukas: – Veldig god mjølkesjokolade, med ein god og fyldig marsipansmak på innsida. Totalt sett var det heilt ok, men ikkje blant favorittane. Eg gir terningkast 3.

Nidar sjokolade-egg

Jens Olav: – Den smakte veldig godt. Kombinasjonen av mjølkesjokoladen og det kvite fyllet inni var fantastisk. Eg gir terningkast 5.

Dani Lukas: – Veldig god. Klassisk sjokolade med eit fantastisk melkekremfyll på innsida. Denne må alle prøva. Her blir det terningkast 6.

Dumle-egg

Jens Olav: - Det var veldig kraftig smak av karamell, og litt sjokolade. Eg likte kombinasjonen, så eg gir terningkast 5.

Dani Lukas: - Veldig god kombinasjon med melkesjokolade og Dumle-karamellen inni. Viss du likar Dumle, kjem du til å elska denne. Eg trillar terningkast 5.

Supermix påske frå Brynild

Jens Olav: – Sjokoladen her var heilt ok, men mykje av det andre var veldig godt, med smak av ulike frukter. Her finn du nok noko for alle, så eg gir terningkast 5.

Dani Lukas: – Sjokoladedyra var enkle, men gode. Fruktgelen var veldig god, og påskeharen av skumgele var den beste. Han var veldig søt, mjuk og saftig. Eg gir terningkast 5.

Rangeringslistene

Jens Olav Steindal Halleraker:

  1. Dumle-egg
  2. Nidar sjokolade-egg
  3. Supermix påske frå Brynild
  4. Easter drage
  5. Nidar marsipanegg

Dani Lukas Grunnevåg:

  1. Nidar sjokolade-egg
  2. Supermix påske frå Brynild
  3. Dumle-egg
  4. Easter drage
  5. Nidar marsipanegg

Samla rangering:

  1. Nidar sjokolade-egg - 11 poeng
  2. Dumle-egg - 10 poeng
  3. Supermix påske frå Brynild - 10 poeng
  4. Easter drage - 9 poeng
  5. Nidar marsipanegg - 6 poeng
Powered by Labrador CMS