nyhende

Kkattungen fekk både mat og varme frå tilsette på Haukås bilverkstad.FOTO: PRIVAT
Kkattungen fekk både mat og varme frå tilsette på Haukås bilverkstad.

«Tesla-pus» har fått ein ny heim etter ufrivillig køyretur

Kattungen som ein bilmekanikar på Haukås Bilverksted onsdag redda ut frå understellet på ein Tesla, har fått ein ny heim hos ei fostermor i Haugesund.

Publisert Sist oppdatert

Det var onsdag føremiddag at Haukås Bilverkstad fekk eit uvanleg oppdrag.

Ein bileigar høyrde kattelydar frå bilen som hadde stått parkert på Sveiåsen natta før, men klarte ikkje å lokkke den ut sjølv.

Vart redda ut

Det klarte ein bilmekanikar og kattungen har blitt teke var på av bilverkstad-personalet gjennom dagen, samstundes som dei delte bilde av kattungen i fleire lokale Facebook-grupper.

Fostermor i Haugesund

Ingen eigar har meldt seg, men bilverkstaden skriv på si Facebook-side onsdag kveld dette:

«Då har «Tesla-pus» fått seg ein nye heim takka være Dyrebeskyttelsen Norge avd. Haugesund. Ei god fostermor i Haugeby stod klar med opne armar».

Powered by Labrador CMS