nyhende

Terapikatten på golfbanen

Golfståvo er ein populær stoppestad når ein går tur på grusvegen i golfanlegget til Sveio Golfpark. Området har også blitt favorittplassen til katten Elza. Ho er heime om nettene og søv, men skundar seg ut så snart det blir morgon og vêret er bra.

Publisert Sist oppdatert

Det er fire år sidan familien Brynjelsen Stokke var på besøk hos ein nabo som hadde kattar frå Dyrebeskyttelsen. Mor Elisabeth hadde klart å overtala far Krister og planen var å overraska ungane Bjørnar, Vilja Maria og Pernille med ein katt. Dei kom heim med to.

Elza då ho var lita og som saman med søstera Zelda heldt leven frå morgon til kveld.

– Då me kom bort og såg kattane så var dei så fine alle saman. Derfor blei det to, til vill begeistring frå ungane. Dei skulle jo bli kosekatter, men sprang etter kvarandre og heldt leven frå morgon til kveld. Brydde seg fint lite om klorestativ og leiker i starten, ler Elisabeth.

Elisabeth Brynjelsen Stokke får videoar og bilde frå venner og kjente som har møtt Elza då dei er på tur rundt golfbanen.

Elza og Zelda

Ungane fekk lov til å velja namn, derfor er dei to blandingskattane oppkalla etter film- og spelkarakterar. Elza, ein av hovudpersonane i filmen Frost, og Zelda frå dataspelet med same namn. Sjølv om kattane er søstre er dei ganske ulike både i utsjånad og oppførsel.

– Zelda er korthåra, spe og forsiktig, mens Elza er nesten som ein skogkatt med den langhåra pelsen. Zelda går berre rett rundt dørene og likar seg best inne. Elza likar seg inne ho også, men trivst svært godt i området rundt Golfståvo, seier Elisabeth.

Bjørnar og Vilja Maria med Elza heime i stova, då ho var lita og leiken.

Frå heimestova til Golfståvo

Den første tida var dei to kattane berre inne, men etter kvart starta dei å følgje etter familien då dei gjekk tur rundt golfanlegget. Elza fekk verkeleg smaken for utelivet og har gjort området rundt Golfståvo til sitt.

Elza er meir enn gjerne med på ein tur rundt i golfanlegget.

– Når eg går tur i området rundt golfhytta hender det eg treff Elza. Då går ho og mjauar slik at eg må stoppa og klappa ho, seier Elisabeth.

– Me kan sjå ho har vore heime for det ligg barnåler og rufseting frå skogen på vaskerommet. Ho er velstelt og velfødd og ser ikkje ut som ein katt som ikkje har ein heim. Om vinteren og når det er dårleg vêr er ho meir inne. Då ligg ho på sofaen eller på teppet under bordet, forklarar Elisabeth.

«Terapikatt»

Elza er glad i folk, og så lenge dei ikkje har hund med seg så kjem ho for å helse på. Vestavind trefte ikkje Elza på sin tur til Golfståvo, men fekk høyra av både spelarar og greenkeeper at dei hadde stifta kjennskap med friluftskatten.

Tobias Johnstad og Oliver Husevik frå Stord møtte Elza første gong dei var i Sveio og spelte. Då kom ho ut frå skogen ved hol 8.

– Første gong me spelte her såg me katten ved hol 8. Den kom bort og var venleg, hugsar kameratane Tobias Johnstad og Oliver Husevik frå Stord.

– Eg har sett han fleire gonger. Oftast i skogkanten, men eg helsar aldri på. Eg er allergisk mot katt, smiler greenkeper Steinar Larssen.

Greenkeeper Steinar Larssen har sett katten fleire gonger, helst i skogkanten.

På facebooksida «Ka skjer i Sveio» kjem det spørsmål med bilde i blant om kven som eig denne katten. Elisabeth får video og bilde støtt og stadig av venner og kjente som har vore på tur med Elza.

– Me har spøkt med at det er terapikatten som går tur med folk, ler Elisabeth.

– Er du einsam og treng selskap, så går ho tur med deg!

Elza er ein gjengangar på facebooksida Ka skjer i Sveio. Er det nokon som saknar denne?
Powered by Labrador CMS