nyhende

Vassbakk og Stol-direktøren:

Ein tilsett i Vassvakk og Stol AS omkom i ei arbeidsulykke ved steinbrotet i Valevåg onsdag.FOTO: THOMAS VALLESTAD DRAGESET
Ein tilsett i Vassvakk og Stol AS omkom i ei arbeidsulykke ved steinbrotet i Valevåg onsdag.

Tente lys for omkomen kollega

Torsdag morgon stansa arbeidet på alle prosjekt i Vassbakk og Stol AS, for å minnes kollegaen som døde i ulykka i Valevåg onsdag.

Publisert Sist oppdatert

Administrerande direktør Inge Jan Thorsen fortel til Vestavind at det torsdag morgon vart tent lys ved hovudkontoret på Karmøy. Dette for å minnes medarbeidaren som mista livet i arbeidsulykka ved Valevåg Brudd onsdag.

— I Vassbakk og Stol tenker med no inderleg på dei etterlatne og dei andre som sto den omkomne nærme, seier Thorsen.

Markering ved alle prosjekt

Det er første gong at Vassbakk og Stol opplev at ein tilsett mistar livet på jobb, og Thorsen seier at han har gitt ei oppmoding om å gjennomføre ei minnemarkering på alle selskapet sine prosjekt torsdag.

— Det er tid for ettertanke og for å ta vare på kvarandre, seier han.

Vassbakk og Stol AS er involvert i små og store byggeprosjekt over heile landet, eit av desse prosjekta er dei pågåande tryggingstiltaka på E39 mellom Førde og Bårvågsvatnet i Sveio.

Blir etterforska

Ulykka i Valevåg blir no etterforska av Nordsjø- og miljøseksjonen i Sør-Vest politidistrikt og Arbeidstilsynet.

— Hendinga blir også rutinemessig granska internt i selskapet, seier Thorsen.

Vassbakk og Stol AS overtok ei driftskontrakt ved steinbroet i Valevåg i samband med at verksemda Lars Staupe AS fusjonerte med Vassbakk og Stol AS i 2012. I steinbrotet hentar verksemda ut naturstein.

Powered by Labrador CMS