Redd Barna jobbar mykje med nettvett for barn og unge, men det er også viktig at foreldre og andre vaksne tenkjer seg godt om før dei deler bilete av barn på i sosiale media.FOTO: NPK
Tenk deg om før du deler feriebilete av barna
Foreldre bruker mobilen flittig når sommaridyllen og ferieminna til barna skal forevigast. Men det er ikkje alt som bør delast på nett. Redd Barna har derfor laga fem råd om bildedeling.
NPK: Ungdom er tydelege på at dei ikkje synest det er greitt å leggje ut alt mogleg, og dei deler heller ikkje alltid oppfatningane til foreldra om kva som er eit fint bilete av dei. Ungdommane synest heller ikkje det er greitt at det blir delt bilete i eitt køyr, skriv Kaja Hegg (spesialrådgivar barns rettar på nett, Redd Barna) i Firdaposten.
Hugs at viss du som forelder legg ut bilete og informasjon om barna støtt og stadig, tek du frå dei moglegheita til å definere sin eigen identitet digitalt. Dei mistar også råderetten over korleis dei sjølv ønskjer å verke.
Her er Redd Barnas fem råd om biletdeling:
1. Spør barna om lov til å leggje ut bilete av dei – og gjer det lett for dei å seie nei.
2. Ta bilete av ein situasjon der barnet ikkje er i fokus åleine.
3. Ikkje ta bilete som kan opplevast krenkjande.
4. Det er hyggjeleg å dele bilete av barna med familie og venner, men del dei heller i lukka grupper der det er teke eit bevist val om kven som er med i gruppa.
5. Hugs at bilete kan misbrukast. Ikkje del bilete av lettkledde og nakne barn.