nyhende

Deler av panelet. F.v. Asle G. Halleraker (TvF), Kjartan Moe Hustvedt (MDG), Linn Therese Erve (Ap), Ruth G. Ø. Eriksen (Frp) og Monica Vandaskog Valen (Sp).
Deler av panelet. F.v. Asle G. Halleraker (TvF), Kjartan Moe Hustvedt (MDG), Linn Therese Erve (Ap), Ruth G. Ø. Eriksen (Frp) og Monica Vandaskog Valen (Sp).

– Tener 60.000 meir i Haugesund

– Sjukepleiarar tener 60.000 kroner meir innan kommunal sektor i Haugesund enn dei gjer i Sveio, hevda Ruth Vihovde Strand (V) i den politiske paneldebatten i Gullsjøhuset i Buavåg torsdag kveld.

Publisert Sist oppdatert

– Sveio må gjera noko med lønsnivået for å hevda seg i konkurransen og arbeidskraft til helsesektoren, meinte Strand. Og ho var ikkje åleine om dette synspunkt.

– Rekruttering blir kjempeviktig, sa Linn Therese Erve (Ap), som kunne opplysa at eldrebølga for alvor vil råka Sveio om fire-fem år og vidare framover.

Gode tilbod om etter- og vidareutdanning meiner ho kan vera aktuelle verkemidlar for å tiltrekkja seg og halda på arbeidskrafta.

Fleire stussa nok litt over lønnsforsksjellane Strand la fram. Frå salen sa Eli Neeraas Vihovde (listekandidat for SV) at det kan skuldast at fleire i Haugesund har tatt vidareutdanning.

Hovudsaka frå debatten finn du her:

Buformer for unge og eldre

Ikkje berre arbeidskraft, men også buformer for eldre blei tema i debatten. Fleire parti har merka seg at mange eldre ser seg om etter enklare husvære, men helst i den delen dei allereie bur.

André Mundal Haukås (H) foreslo i denne samanhengen bygging av seniortun i bygdene i samarbeid med private utbyggarar. Monica Vandaskog Valen (Sp) ville også byggja enklare bustader i bygdene, og dessutan utvida bruken av velferdsteknologi. Jarle Jacobsen KrF) heldt fram partiet sitt forslag om eldrelandsby.

Dei same partia er opptatt av meir fleksibilitet og større tilgang på tomter i alle delar av kommunen. Både Høgre og Senterpartiet går inn for å tilby store tomter i bygdene for å tiltrekkja seg nye innbyggarar.

Olav Olsen (SV) hadde derimot ikkje tru på denne løysinga. Han ville heller ha konsentrert bustadbygging for eldre i sentrum og gjenbruka eksisterande bustader rundt om i kommunen for yngre. Om ikkje er han redd eksisterande bustader ute i bygdene gradvis vil bli omgjorde til fritidsbustader eller, i verste fall, forfalla.

Større tomter

Asle G. Halleraker (TvF) lanserte det han kalla nærmiljøanlegg for eldre som eit tiltak for at dei eldre kan bu lenger og trivast i bygdene. Samstundes konstaterte han at mange eldre ønskjer å flytta til sentrum. Ein må leggja til rette for å imøtekoma ulike ønske, sa han.

Kommuneplanen er det sentrale verktøyet for å gjera det lettare å skilja ut tomter utanom regulerte felt, og å tilby større tomter i bygdene. Jacobsen var sterkt kritisk til at kommuneplanen ikkje er blitt rullert sidan 2011 og at det også har tatt svært lang tid med sentrumsplanen.

Erve og fleire andre var ikkje usamd i dette, men sa at sentrumsplanen snart er klar og at god dialog med Statsforvaltaren har ført til at den har fått mange lovord. Ho trudde dialogen som er oppnådd, vil vera viktig i arbeidet med kommuneplanen også.

Ruth G. Ø. Eriksen varsla tøffe tak overfor statsforvaltaren for å få lov til å auka tomtestorleiken og gi tilgang til større tomter.

Eitt eller to legesenter

Spørsmålet om eitt eller to legesenter i kommunen kom også opp under debatten.

– Det er rett at det kjem ei sak om legekontora neste år, seier Eriksen, men ho veit ikkje kva tilråding den vil innehalda.

Ho og hovudutvalet har vore klare på at det på ein eller annan måte skal vera lege i Førde, understrekar Eriksen

Både Sp og KrF signaliserte at dei framleis vil ha to legesenter så lenge innbyggjarane ønskjer det. Erve (Ap)  sa det er viktig å høyra på innbyggjarane, men også legane for å sikra rekrutteringa.

Det kom fram i debatten at Sveio brukte fire millionar kroner til vikarar i den perioden ei av legestillingane i Førde var ledig og mangla søkjarar.

MERKNAD:

I første utgåve av artikkelen vart det skriver at Ruth Grethe Østebøvik Eriksen (FrP) varsla ei sak om samanslåing av legekontor i Førde og Sveio. Dette er feil.
Det kjem ei sak neste år, men Eriksen veit ikkje kva tilrådinga vil vere.

Powered by Labrador CMS