nyhende

Anne Ness Emberland veit at vatn er best å bada i tidleg i sesongen.
Anne Ness Emberland veit at vatn er best å bada i tidleg i sesongen.

– Temperaturmessig er det kjekkast å bada i vatn

Alle har ei meining om bading, enten ein likar det eller ikkje. Men kor er det best å bada, og er ferskvatn betre enn saltvatn? Me tek debatten og har spurt fleire sveibuar.

Publisert Sist oppdatert

Sumaren har komen og det same har sesongen kor du går berrføtt gjennom mudder, sand og steinar for å nå vatnet. Dei fleste er samde i at bading er kjekt, men usemja herskar rundt detaljane. I ein vakker kommune som Sveio som er omringa av sjø på tre sider, og har veldig mange flotte vatn å bada i, kva er best? Og kvifor?

Me har teke eit djupdykk i bade-debatten og kvar veke kjem nye svar på følgjande spørsmål:

Anne Wilhelmine Ness Emberland (47), Vikse

– Kva er best å bada i av ferskvatn eller saltvatn? Og kvifor?
– Eg likar veldig godt begge deler. Men eg er glad i å symje, så temperaturmessig er det kjekkast å bada i vatn tidleg i sesongen.

– Kvar er den beste badeplassen i kommunen?
– Eg bur på Ekrene så for meg er den beste badeplassen den som er nærast. Så då seier eg Viksefjorden. Eg er så heldig å ha hytte i Sveio, så Skålaskogsvågen er også ein super badeplass.

– Ville du ha bada i sjø/vatn kvar dag i eit år (også når det er kaldt), eller berre få dusja annakvar veke?
– Då ville eg ha bada i sjø/vatn kvar dag i eit år.

Powered by Labrador CMS