nyhende
Taxi utfor vegen
Ingen kom til skade då drosjebil sklei av vegen. Ventar framleis på bergingsbil klokka 15.00.
Ein drosjebil frå Sveio Taxi hamna utfor vegen på Paddevegen fredag formiddag. Uhellet skjedde om lag ein kilometer frå Mølstre bedehus. Sjåføren, som var åleine i bilen, kom uskadd frå hendinga opplyser Antonio Perez ved Sveio Taxi til Vestavind.
Perez seier han ikkje kjenner til korleis utforkjøringa skjedde.
Bilen har etter alt å døma ingen skader, men det trengst veghjelp for å få kjøretøyet på vegen igjen, seier Perez vidare.
Bergingsbil blei bestilt, men det viste seg at bilen var for tung på grunn av vektavgrensingar på Paddevegen. Lettare bil måtte derfor bestillast, og klokka 15.00 venta sjåføren fortsatt på hjelp til å koma opp av grøfta.
Under vegs har han fått både selskap, tilbod om mat, drikke og skyss av ein god sveibu.
Hendinga var ukjent for vaktsjefen ved Haugesund politistasjon.