nyhende
Taus om klienten sin
Advokatfullmektig Siren Elise Finnvik meiner det er rett at saka mot den overgrepstiltalte eks-politikaren frå Sveio kjem opp i oktober, og at det såleis blir enkeltvis pådømming i dette tilfellet sjølv om det er venta fleire tiltaler for overgrep mot den same fornærma.
Finnvik er tilsett ved Elden Advokatfirma si avdeling i Stavanger og bistandsadvokat for den no 16 år gamle guten som er fornærma i saka. Tiltalen mot sveibuen gjeld brot på paragraf 302 i straffelova. Denne paragrafen omhandlar seksuell omgang med barn mellom 14 og 16 år og har ei øvre strafferamme på seks års fengsel.
Ti andre menn er også under etterforsking for overgrep mot den same guten. Ingen av desse er enno tiltalte, dei har status som mistenkte eller sikta.
Finnvik ønskjer ikkje å seia noko om korleis klienten hennar har det i dag. Heller ikkje vil ho seia noko om kva erstatningskrav eller anna det kan vera aktuelt å leggja ned påstand om på vegne av klienten hennar.