nyhende

Fullsett sal i Oa ungdomshus denne kvelden. Alle ville få med seg eit glimt inn i den tida då dei sjølv, eller foreldra deira, vaks opp.
Fullsett sal i Oa ungdomshus denne kvelden. Alle ville få med seg eit glimt inn i den tida då dei sjølv, eller foreldra deira, vaks opp.

Tar vare på gammal kunnskap

Livet på 60-talet er knapt gjenkjenneleg for dagens ungdom. På den andre sida, viss ein person frå den tida kunne tidsreise til vår tid, ville han knapt visst å finne fram i mylderet av dingsar og nettløysingar.

Publisert Sist oppdatert

Den nære historia vår ligg der, klar for oss til å hente opp tida slik ho var då. Framleis finnest mange tidsvitne, men det er nå det må gjerast ein innsats. Dette har Astrid Topdal frå Brusand på Jæren tatt tak i.

Astrid Topdal har saman med mange andre laga filmen. Ho har halde løfte til farmor om å ta vare på historia, og bringer den nå vidare til neste generasjon.

Inspirasjon frå slekta

– Eg fekk inspirasjon av familien min. Me bur på garden som far min bureiste, det gjer at eg har slektshistorie tett på meg. I starten så var det mest for moro skuld, men etter kvart blei det meir seriøst arbeid, fortel Astrid Topdal.

Etter kvart utvikla det seg, ho fekk med seg fleire folk, gammal kunnskap blei henta inn og dei fekk låne eksemplar av den tidas lastebilar, reiskap, leiker og klede.

– Det begynte med ein liten snutt eg filma i Hå, Gjesdal og Time med lokale folk, seier Topdal.

Etter kvart fekk ho med seg slektningar, folk i bygda og ein dronefotograf. Med stor felles innsats laga dei 67 personane bak kamera og dei 33 ungdommane ein times film om livet slik det var då mjølkespann blei frakta til mjølkerampen med handemakt, eller med hest og kjerre.

Topdal har funne fram private filmar med innslag frå 60-talet, om verkeleg liv og levande folk. Desse korte glimta viser kva reiskap som blei brukt, korleis folk var kledde og barnas leik  – utan smarttelefon.

Vist for 76. gong

Gro Lid, prosjektleiar i Oa ungdomshus, såg filmen då den blei vist i Vats, og visste straks at den måtte ha interesse for folk på Oa. Ho tok kontakt med Topnes som ikkje var vanskeleg å be, og visning på Oa ungdomshus blei avtalt.

Denne torsdagskvelden i august var det den 76. gongen filmen blei vist, til eit fullsett ungdomshus og med kaffi og kaker som dugnadsgjengen i laget stilte opp med.

Fullsett sal i Oa ungdomshus denne kvelden. Alle ville få med seg eit glimt inn i den tida då dei sjølv, eller foreldra deira, vaks opp.

Det har gått to år sidan filmen blei laga, og den fenger på tvers av generasjonar, viser det seg.

Gro Lid presenterte filmen slik:

– Dette er ein film laga med masse kjærleik, og den er ein hyllest til dei som jobba med tungt gardsarbeid gjennom ein heilt liv.

Lokale mjølkebilsjåførar

Mjølkebilsjåføren var ein viktig mann i bygda, – ja, for det var alltid ein mann som køyrde mjølketransporten. Derfor var det kjekt at nokre av dei som hadde hatt dette yrket hadde møtt fram. Deira forteljing handlar om å hente mjølkespann på mjølkerampen og køyre på smale, svingete vegar til meieriet i Haugesund. Til stor glede frå ein fullsett sal delte dei minna sine.

Svein Røykenes fortalte at mjølketransporten gjekk med ei lasterute med sjåfør og matros. Etter at mjølka var levert på meieriet, blei spanna vaska og levert tilbake til rett adresse same dag.

Kalle Knutsen er oppvaksen på Oa, og var med på fjøsstellet frå han var liten.

– Dagen begynte med fjøsstell i 6-7 tida om morgonen, og som 13-14 åring måtte eg lære å mjølke for hand.  Det eg hugsar best var vinterdagane. Dei var kalde på den tida, og me fyrte med ved innomhus. Men når me kom ut i fjøset var det godt og varmt. Mjølka måtte silast etter mjølking, for å få bort ku-hår og høy som kunne falle ned i bøtta som stod open under kua, fortalte han.

Manuelt arbeid

Mjølkemaskinen blei tilgjengelege i byrjinga av 1960-talet, men det tok tid før bøndene såg seg råd til å installere den.

– Det var viktig å vere ferdig med mjølking til rett tid, for mjølkebilen venta ikkje. Han hadde si rute og skulle vere i byen til rett tid for å få levert mjølka. I femtida om ettermiddagen mjølka me for andre gong, og om sommaren måtte mjølka kjølast i bekken eller i ei kjelde. I all slags vêr måtte mjølka leverast, også når det var is og snø om vinteren, fortalte Arne Watne.

Mjølkerampen var ein samlingsstad, og mjølka blei ofte frakta dit med fjordingen. Mjølkeruta frakta også folk, post og anna som skulle sendast.

Lytte til historia

Astrid Topdal har fått stor merksemd rundt filmen sin.

– Først av alt må eg seie at eg lova farmor at eg skulle fortelje historia hennar. Det gjer eg nå. Me må lytte til dei som har gått vegen før oss. Me treng historia, og me treng å føle at me har slekt bak oss, seier ho.

– Eg blir ofte invitert tilbake dit eg har vore før. Nyleg var eg på ein låve i Vindafjord og i neste veke skal eg vise filmen i Odda, seier ho, som til dagleg jobbar i den ideelle verksemda Crux.

– Det er min første film, og det har vore utruleg mykje jobb, og alle som har vore med er amatørar, både dei som har filma, redigert og vore skodespelarar. Den er laga med enkle midlar, og distribusjon har skjedd via Facebook og jungeltelegraf.

Filmen blir tilgjengeleg på Youtube mot slutten av 2025. Den har fått musikalsk følge av gruppa Rabalder.

Powered by Labrador CMS