nyhende
– Tar bekymringane på alvor
– Kommunen og skulane tar sjølvsagt føresette sine bekymringar på alvor. Desse, saman med pedagogiske tiltak og tiltak for tilrettelegging for alle elevar er med i vurderinga når ein legg grunnlag for gruppedeling kvart skuleår, seier kommunalsjef Elisabeth Nygaard.
– Den viktigaste innsatsfaktoren når ein skal skapa gode skular og klassemiljø, er dyktige og godt kvalifiserte lærarar, det viser forsking, seier kommunalsjefen.
10. mai hadde ho ei munnleg orientering for politikarane i hovudutval oppvekst og kultur, i samband med sak om rammefordeling til skulane.
– Eg viser til at det er viktig å behandla alle skulane i Sveio kommune likt. Derfor blir rammene berekna ut frå lærarnorma, to-lærarmodell i basisfaga norsk, engelsk og matematikk og skjønnsmessige justeringar basert på det utfordringsbildet rektorane skisserer, forklarar Nygaard.
Lærarnorma
Lærarnorma seier at gruppestorleik skal vera 15 elever på 1.-4. trinn og 20 elevar på 5.-7. trinn og 8.-10. trinn.
– Lærarnorma skal vera oppfylt for trinna, og ikkje per klasse. Det er skulen sjølv som fordeler lærarressursane slik dei meiner det er hensiktsmessig. Det presiserast at norma ikkje vil føra til at ein klasse eller gruppe på for eksempel 3. trinn med over 15 elevar vil ha rett til ein ekstra lærer. Forholdstalet skildrar den samla ressursinnsatsen, ikkje storleiken på ei undervisningsgruppe.
Gruppestorleik vil vera avhengig av tal elevar i krinsen, og skjønnsmessige vurdering som vil variera ved den einskilde skule og innan skulane, seier kommunalsjefen.