nyhende

Ruth G. Østebøvik Eriksen frå Frp er varaordførar i Sveio. ARKIVFOTO: IRENE FLATNES HALDIN
Ruth G. Østebøvik Eriksen frå Frp er varaordførar i Sveio.

Talet på psykiske helseplager i Sveio aukar

Dei inngripande koronatiltaka har sett sitt avtrykk på folkehelsa. Sveio kommune vil difor løyva kring 3,6 millionar kroner til styrking av den psykiske helsetenesta.

Publisert Sist oppdatert

Ferske tal viser at tilvisingane til den psykiske helsetenesta i Sveio har auka med 58,7 prosent frå 2020 til 2021. Tala viser òg ein stigande trend dei fyrste månadene i 2022.

Store delar av forklaringa ligg i pandemien. Nedstenginga i 2020 førte som kjent til ein reduksjon i tilgjengelege helsetenester, avgrensa utdannings- og aktivitetstilbod, sosial isolasjon, arbeidsløyse, stress og økonomisk ustabilitet for mange.

Det langsiktige resultatet vart angst, depresjon, eteforstyrringar og einsemd med meir.

3,6 millionar til prosjekt folkehelse

For å koma trongen etter psykisk helsehjelp i møte, presenterte rådmannen nyleg eit framlegg til vedtak om å styrkja den psykiske helsetenesta med til saman 1,5 årsverk (1,2 millionar) i tre år.

Dette vil innebera ein maksimal kostnad på 3,6 millionar til saman. Trass i den store summen, har rådmannen vurdert det som rett å prioritera arbeidet for styrking av folkehelsa i åra framover.

I framtidige vurderingar som omhandlar det økonomiske handlingsrommet til kommunen, vil påkostnadene på styrking av den psykiske helsetenesta haldast utanfor.

— Mykje billegare å førebyggja

Under kommunestyremøtet måndag denne veka vart dei politiske partia samde om å godkjenna framlegget frå rådmannen.

Varaordføraren Ruth Grethe Østebøvik Eriksen (Frp) presiserte at vedtaket vil vera økonomisk lønsamt på sikt.

— Dette er ei viktig sak, og det er mykje billegare å førebyggja enn å reparera lidingar.

Eriksen har trua på at det planlagde arbeidet for psykisk helse vil verta vellukka. Å starta det førebyggjande arbeidet hastar, meiner ho, og difor vil kommunen lysa ut stillingar til helsetenesta så snart som råd.

Håkon Skimmeland i Sveio Arbeidarparti delte òg nokre ord i samband med vedtaket under det politiske møtet måndag.

— Pandemien har råka oss alle, men somme har vorte ekstra hardt råka. Situasjonen er no akutt, og styrking av den psykiske helsetenesta og skulehelsetenesta er ei særs viktig prioritering, understreka han.

Powered by Labrador CMS