nyhende

Fredag var
Fredag var

Talet på innlagde med covid-19 aukar

På årets siste dag vart det ikkje registrert nye korona-smitta sveibuar. Tala er låge i heile regionen nyttårsaftan, men talet på innlagde pasientar med covid-19 auka til 14 i Helse Fonna-området.

Publisert Sist oppdatert

Ny smitte nyttårsaftan

Her er tala for nye registrerte personar med folkeregistrert adresse i kommunane:

Sveio: 0

Haugesund: 8

Karmøy: 3

Tysvær: 0

Bokn: 0

Vindafjord: 1

Etne: 0

Stord: 2

Bømlo: 6

Det vart registert få nye personar smitte med covid-19 nyttårsaften i regionen. Det viser tal frå Folkehelseinstituttet, som VG publiserer.

Det vart ikkje registrert nye smitta sveibuar fredag.

Totalt er det registrert 283 smitta i Sveio hittil siden starten av pandemien.

Fleire innlagde

14 personar er for tida innlagde på sjukehus i Helse Fonna-området. 12 av desse i Haugesund, kor 2 får intensiv behandling. Begge er i aldersgruppa 18 til 64 år. Måndag var det 5 innlagde i Haugesund, så talet har auka kraftig denne veka.

Dei to andre pasientane med covid-19 i Helse Fonna-området er innlagde ved Stord sjukehus.

Powered by Labrador CMS