nyhende

Paw Baw Wake Tha og vesle Matheo (2) og deira tre søskena hans er enda i sorg etter tapet av den gode mannen og pappaen, Thay Way Wake Tha. Trass alt kjenner familien seg heldige, som har fått så mykje omsorg frå mange kantar.
Paw Baw Wake Tha og vesle Matheo (2) og deira tre søskena hans er enda i sorg etter tapet av den gode mannen og pappaen, Thay Way Wake Tha. Trass alt kjenner familien seg heldige, som har fått så mykje omsorg frå mange kantar.

Takkar for all støtte og omsorg

I fjor ramma ei stor sorg ein familie i Førde. Eit lysglimt er den enorme støtta dei har fått, og framleis får frå både kjende og ukjende i bygda.

Publisert Sist oppdatert

Familien Wake Tha består no av Paw Baw (43), Wah Wah Thay (18), Hay Blu Say (15), Thu Lay Thay (11) og vesle Matheo (2) som bur i eit raudt hus i Solheimslio. Det er tomt og rart etter at Thay Way, mannen til Paw Baw og far til dei fire barna gjekk bort i slutten av november i fjor.

Dei eksotiske namna til familien Wake Tha har sitt opphav i Burma. Landet som i over 70 år har vore i ein vanskeleg situasjon med borgarkrig og ei rekke andre konfliktar. Det er militæret mot etniske minoritetar, drive av ulikt misnøye blant befolkninga.

Ulukke

Alltid smilande og blid. Her stilte Thay Way Wake Tha opp for Vestavind i 2019, då me spurte kva det beste med å bu i Sveio er. Svaret var mellom anna at han har mange venner her.

Det heile er samansett, men FN skildrar mellom anna at minoritetane er sinte for militæret sine angrep på sivile og andre brot på menneskerettar.

Familien Wake Tha høyrer til ein minoritet som heiter karen, det er også namnet på morsmålet deira. Men korleis har det seg at dei kom til Noreg? Me spolar litt tilbake i tid.

Thay Way var 26 år då han trakka på eit våpen i skogen. Etter møtet med mina blei eine foten skada, og han blei boren til nærmaste landsby, der dei kunne hjelpa han.

Uansett om ulukka som førte til at han mista høgrefoten kan kallast eit feilsteg eller ei, skulle dette bli starten på eit nytt liv. Men det skulle gå fleire år i uvisse før tilbodet kom. Thay Way, som fekk protese, og kjærasten fekk bu i ein flyktningeleir på grensa mellom Thailand og Burma. Her kom deira førstefødde til verda.

Takka først nei

Livet i flyktningeleiren var betre enn i Burma, men også her skulle det skje urovekkande hendingar. Ein dag kom ein flaum over flyktningeleiren, og tok med seg både menneske og hus. Den vesle familien blei spara, og ein ny flyktningeleir venta, Mae Lae. Her blei dei i fem år, og enda ei dotter kom til verda.

Ein dag kom det ein spesiell førespurnad til familien.

– FN kom til flyktningeleiren og spurte om me ville bli med til ein ny og betre stad. Mamma takka nei, fortel eldstedottera Wah Wah Thay. Då dei nokre månadar seinare fekk same spørsmålet, var svaret ja.

Rart med nytt land

– Eg var redd for å ikkje kunne snakka språket på den nye staden, forklarar Paw Baw.

Det er snart 13 år sidan dei sette sine føter i Noreg. Paw Baw, Thay Way og dei tre barna – to jenter og ein nyfødd gut. Det blei eit skikkeleg miljøskifte for familien. Ein ny tidsalder venta.

– Det var rart, minnest Wah Wah Thay, som var 5 år då dei kom til Førde. Ho minnest at det var mykje snø dette året. For ho er det som om livet starta her – ho hugsar lite og ingenting frå tida i flyktningleirane.

Eit nytt liv

Alt var heilt annleis i Førde enn det dei var vane med. Her fanst TV, mobil, oppvaskemaskin og toalett. Og til den vesle, mørkhåra sonen venta bleier.

– Mamma skylte bleiene i do, for ho visste ikkje annleis. Me måtte læra alt i huset, fortel Wah Wah Thay. Dei kan le av det no, men det var ikkje lett å koma frå eit enkelt samfunn og til teknologien i Noreg.

Vaksenopplæring og språkpraksis venta på dei vaksne. Thay Way fekk etter kvart tilbod om læreplass som sveisar på Stord, der han jobba fram til det ikkje gjekk meir. For nokre år sidan kunne han kjøpa eit eige hus til seg og familien.

Eg saknar han mykje. Han klaga aldri, og jobba mykje.Paw Baw Wake Tha

Det var på grunn av eit sår Thay Way gjekk til legen i desember 2019. Det viste seg at det var utvikla kreft, som det ikkje gjekk an å gjera stort med. Eigentleg skulle han nok vore til legen før, men pliktoppfyllande som han var, hadde han ikkje lyst til å vera vekke frå jobben. Og i det lengste håpa han nok at såret ville gå vekk av seg sjølv, fortel dottera. 29. november 2020 gjekk han bort, 43 år gamal.

– Klaga aldri

– Han var ein veldig snill mann, mot meg, ungane. Eg saknar han mykje. Han klaga aldri, og jobba mykje, fortel Paw Baw. Sjølv om ho snakkar meir enn godt forståeleg norsk, fekk ho rett i tankane ho hadde då dei budde i flyktningleiren – språket er vanskeleg. Om ikkje lenge håpar ho å få seg ein jobb, anten som reinhaldar, eller i ein barnehage.

– Pappa «maste» alltid om å flytta tilbake, men eg veit ikkje heilt om han meinte det, minnest eldstedottera. Ho synest det er tungt å ikkje ha far sin med seg i livet lengre.

– Eg og pappa var nære, han kunne alt, fortel Wah Wah Thay, som går på vidaregåande skule i Haugesund.

Familien er enda i sorg, og dei synest det er vanskeleg å snakka om at Thay Way er borte, men vil gjerne heidra han – og ikkje minst takka alle som har hjelpt til, og framleis er der for dei.

– Me har veldig mange gode venner rundt oss, det er mange som har hjelpt til. Det blei laga to Spleisar for oss. Lions Sveio har hjelpt til med huset. Heile bygda har stilt opp, fortel 18-åringen.

To Spleis-aksjonar

Like før jul i fjor, omtrent same dag, dukka det opp to Spleis-aksjonar på Facebook. Uavhengige av kvarandre, hadde to gode venner av familien Wake Tha tenkt same tanken – dei ønskte å hjelpa mora og dei fire barna i alderen 2-18 år økonomisk.

Til saman har 270 personar gitt bidrag, som til slutt har enda på nær 120 000 kroner.

– Det var det mest naturlege i verda å starta ein Spleis for å hjelpa familien i den situasjonen. Det er eit privilegium å kjenna dei, seier Inger Johanne Skard. Ho møtte dei vaksne i familien gjennom jobb – ho skulle læra dei det norske språket. Sidan har vennskapet halde fram.

– Då Thay Way gjekk bort, var det som om ein vegg i huset forsvann. Eg blei bekymra for korleis dei ville klara seg utan han som hadde ordna med alt, fortel Skard, som berre har godt å seia om familien.

Pengane frå Spleis-aksjonane har mellom anna gått til å dekka utgifter i samband med gravferda.

Målfrid Haraldseid Eide er familieterapeut og kreftsjukepleiar i Kreftomsorg Rogaland. – Når ein kjem i ein slik situasjon, spesielt for unge familiar, er det godt å ha nokon å snakka med, utanom familie og venner. Ho legg til at Sveio er ein av kommunane som ikkje har kreftkoordinator, derfor er det ekstra viktig for Kreftomsorg Rogaland at sveibuen veit at tilbodet finst for den som er ramma og pårørande, både før, under og etter behandling.

Førarkort

Mange gode krefter samla seg. Venner og kjende av familien kom med mat, blomar, klede.

Framleis får dei spørsmål om det er noko dei treng.

Hjelp kom også utanfrå. Sveio Frivilligsentral bidrog mellom anna til julefeiringa. Kreftomsorg Rogaland og Lions Club Sveio er av dei som har hjelpt med å søkja støtte, og fått ordna praktiske ting.

Kreftomsorg Rogaland er eit kompetansesenter med ulike fagpersonar som følgjer opp kreftramma, pårørande og etterlatne. Sveio er også i nedslagsfeltet til organisasjonen. Mellom anna er det søkt om midlar til å dekka førarkortet for eldstedottera, slik at ho kan vera sjåfør når det trengst.

Praktisk arbeid

President i Lions Club Sveio, Egil Lokna, er glad for at dei kunne hjelpa.

Støtta frå Lions Club Sveio blir trekt fram som uvurderleg. Ikkje berre har dei gitt økonomisk

stønad både lokalt og nasjonalt hald i organisasjonen, men to nevenyttige medlemmer har stilt opp med fleire titals dugnadstimar for å gjera nødvendige reparasjonar i heimen.

Det var Kreftomsorg Rogaland som oppretta kontakt med den lokale klubben.

– Dei tok kontakt med oss for å høyra om me på nokon måte kunne bidra. Det var i utgangspunktet ein førespurnad om økonomisk bistand, men etter kvart skjønte me at det var behov for å hjelpa på ein annan måte. Det me fekk bidra med her er «innartiaren» av det Lions driv med, seier Odd Konrad Dale, som har vore Lions Club sin kontaktperson for familien.

Ikkje vanskeleg å seia ja

President Egil Lokna, synest det er kjekt å kunne hjelpa, det er heilt i tråd med Lions sitt mål.

– Det er ikkje ofte me får slike henvendingar, men me gjekk i gong etter beste evne, seier Lokna, som håpar at familien snart kan begynna å sjå framover.

Rørlegger Thuestad og Frøvik Elektro har også bidratt til arbeidet som Sveio Lions har utført, utan å ta betalt.

–  Viss det vesle me kunne bidra med var til hjelp, og at familien fekk ei bekymring mindre, så var det ikkje vanskeleg for oss å seia ja då Lions spurte oss, seier Ronny Gustavsen i Rørlegger Thuestad AS.

Rørande

Paw Baw synest det er rørande, og godt å oppleva denne gode hjelpa og støtta dei har fått i sorgen etter å ha mista sin gode pappa og ektemann. Ho vil spesielt retta ei takk til personalet på Sveio omsorgssenter for god pleie og omsorg den siste tida, og heimesjukepleien.

Familien er veldig takksame for all den gode støtta og hjelpa dei har fått frå lokalbefolkninga i Sveio, og eit stort støtteapparat i kommunen og i distriktet. Nære og gode venner har vore ei uvurderleg støtte i den vonde tida. Dei veit kven dei er.

– Me er veldig heldige, og takknemlege, seier Paw Baw.

Paw Baw Wake Tha heime i sofaen i Solheimslio.
Powered by Labrador CMS