nyhende

Takk for flotte juleteikningar!

Publisert Sist oppdatert

Vestavind ønska seg teikningar til juleavisa, og fekk inn 35 bidrag. Motiva er ulike, alt frå Jesusbarnet i krubba, Nøtteknekkaren, snømenn, snikkar Andersen og Star Wars-jul. Det er mange kreative ungar blant oss! Me har trekt ut to vilkårlege vinnarar som vinn kvar sin spelpakke frå Sveio Libris & Ringo. Det er Emily Honningsvåg Vallestad (5) og Tobias Salt Nesse (5). Me gratulerer, og takkar for alle bidrag! Ei ekstra takk til 1. klasse på Sveio skule, som leverte inn mange teikningar.

Spelpakkane som Sveio Libris & Ringo har sponsa.
Powered by Labrador CMS