nyhende

Fire av fjorårets konfimantar klare for Fasteaksjonen 2023. Frå venstre Isabella Vea Høyland, Tomas Hellesøy Lier, Jonas Horneland Bjørge og Angelica Skaugerud Valen.
Fire av fjorårets konfimantar klare for Fasteaksjonen 2023. Frå venstre Isabella Vea Høyland, Tomas Hellesøy Lier, Jonas Horneland Bjørge og Angelica Skaugerud Valen.

Ta vel imot konfirmantane

Tysdag 19. mars vil dei 65 konfirmantane i Sveio prøva å besøka dei fleste hus i kommunen. Oppdraget er Fasteaksjonen 2024.

Publisert Sist oppdatert

Med seg har dei bøsser for å samla inn pengar til Kirkens Nødhjelp. I år er det reint vatn som gjeld, og konfirmantane kjem på besøk frå klokka 17.00 og to timar utover.

I fjor samla konfirmantane i Sveio inn 63.454 kroner.

– Det var eit godt tal, men me håpar sjølvsagt at det blir høgare i år, seier sokneprest og konfirmantansvarleg Arild Steinsland.

At nye landsbyar får brønn med friskt vatn gjer at barn, ungdommar og kvinner slepp alt det arbeidet det er å gå og henta vatn, og i staden kan leika og gå på skule.

– Ein brønn med vatn er altså så mykje meir enn godt vatn. Det fører til utvikling av landsdbyane, fortset soknepresten.

Dei fleste  av dei 40.000 konfirmantane i Noreg er med på denne aksjonen som samlar inn om lag 35 millionar. Det gjer den til den nest største innsamlingsaksjonen i landet.

Powered by Labrador CMS