nyhende

Det var frå bordet til venstre for butikkansvareleg Linda Johannesson i Sveio Blomster og Gaver at tjuvane forsynte seg. Foto: Ellen Marie Hagevik
Det var frå bordet til venstre for butikkansvareleg Linda Johannesson i Sveio Blomster og Gaver at tjuvane forsynte seg.

– Synd at nokre få øydelegg for mange

Mellom klokka 18.00 og stengetid på Kiwi torsdag, har noko forsynt seg frå eit av borda utanfor Sveio Blomster og Gaver. Utan å betala. Tjuveriet blir meldt til politiet.

Publisert Sist oppdatert

Då dei tilsette gjekk heim torsdag kveld, gledde dei seg over ny utstilling og nye varer på eit av borda i gangen inn til Kiwi. Mogelegheita til å kjøpa blomstrar og andre ting etter stengetid er det mange som nyttar seg av.

Ordninga med Vipps-betaling har gått greit lenge, men no blir det langt mindre å velja i.

Blir meldt til politiet

– Det er synd at nokre få øydelegg for mange. Etter at me i dag tidleg oppdaga at nokon hadde forsynt seg med nye, eksklusive duftlys utan å gjera opp for seg, tenkte me først at no må me ta inn alt om kvelden. Men me kjem i alle fall til å ha eit utval med blomsterbukettar, seier butikkansvarleg Linda Johannesson fredag ettermiddag.

Det er ikkje dei store summane det dreiar seg om, men prinsippet. Difor har ho også vore i kontakt med politiet og kjem til å anmelda saka.

Veit kven det er

– Kort tid etter at me la ut melding om tjuveriet på Facebook, fekk me tips. Me veit no kven det er som har vore på ferde. Dei var også innom Kiwi eit par gonger i løpet av fredagskvelden, fortel Johannesson.

I tillegg til mindre utval, kjem det også kamera på plass igjen.

– Eg har jobba her i 10 år, og me har berre eit fåtall gonger opplevd at folk har naska. Me har også tatt folk på fersken, men Vipps-ordninga har til no fungert veldig bra, seier Johannesson.

Powered by Labrador CMS