nyhende

Erik Sydnes (i midten) gratulerer bror Martin med scoring mot Sauda tidlegare i år. Dei to Sydnes-brørne står no bokført med høvesvis åtte og tolv skåringar kvar i årets 6. divisjon.ARKIVFOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
Erik Sydnes (i midten) gratulerer bror Martin med scoring mot Sauda tidlegare i år. Dei to Sydnes-brørne står no bokført med høvesvis åtte og tolv skåringar kvar i årets 6. divisjon.

Sydnes-brørne herjar i 6. divisjon

Martin Sydnes scora to mål då Sveio IL tok eit sterkt poeng mot opprykkskandidat Ølen IL måndag kveld. Han er dermed toppscorar i Sveio – saman med bror Erik.

Publisert Sist oppdatert

Fotball, menn, 6. div avd 4

Sveio – Ølen 3-3 (2-0)

Mål: 1-0 Martin Sydnes (12 min.) 2-0 Aasmund Bakke Handeland (30 min.) 2-1 Sindre Knutsen (47. min), 2-2 Sølve Olaus Østbø (50 min.) 2-3 Erling Bjarte Rullestad (70 min) 3-3 Martin Sydnes (75 min.)

Gule kort: Thomas Stavland og Martin Sydnes, Sveio. Sindre Knutsen og Roar Lothe, begge Ølen IL.

Dommar: Sjur-Jarle Hauge, Djerv 1919

Sveio skulle reise kjerringa mot Ølen og rette opp inntrykket frå serieopninga i vår, då dei tapte heile 12-0 borte mot Ølen IL.

SVEIO IL – ØLEN IL 3-3:

Og det starta bra for heimelaget som leia 2-0 etter ein halvtime heime på grasbanen, etter scoringar av Martin Sydnes og Aasmund Bakke Handeland.

Snudde kampen

Martin Sydnes score to i eit intenst oppgjer mot Ølen måndag kveld.

Men gjestane kom sterk tilbake i andre omgang, og scora to kjappe mål rett etter pause. Og då Ølen IL sin etnebu Erling Bjarte Rullestad sette inn 3-2, såg det skummelt ut med tanke på poeng.

Men målkåte Martin Sydnes ville det annleis då han utlikna til 3-3 fem minuttar seinare kvarteret før slutt.

Det vart ikkje fleire mål, dermed blei det poengdeling. Til irritasjon for opprykksjagande Ølen, men til glede for heimelaget som fekk retta opp inntrykket etter stortapet i siste møte mellom dei to.

Brør har 14 mål

Med to scoringar er Martin Sydnes a jour med bror Erik Sydnes i kampen om toppscorartittelen i Sveio. Dei to står bokført med solide sju nettkjenningar kvar på ni kampar.

Med det ein poenget byksa Sveio opp til 7. plass på tabellen med sine 10 poeng. Serieleiar Kopervik 2 har åtte strake sigrar og 24 poeng. Ølen og Falkeid ligg på andre, og tredjeplass med 20 poeng kvar.

Sveio speler heime mot Torvastad 2 i neste seirerunde, det skjer torsdag neste veke.

Kampar spelt i 6. divison måndag kveld:

Sveio-Ølen 3-3

Sauda - Trott-2, 3-1

Djerv 1919-3 - Kopervik-2, 1-4

Torvastad-2 - Vard-3, 4-0

Tabellen:

Powered by Labrador CMS