nyhende

Syden-stemning i nord medan «Hans» herjar i sør

Medan «Hans» herjar i sør, er det opp mot 30 grader i Nord-Noreg. Turistane takkar nødvarslinga for at dei slapp unna ekstremvêret og fekk Syden-varme i staden.

Publisert Sist oppdatert

– Vi har mykje dritvêr òg, og kalde vintrar. Eg synest vi fortener det, seier Kristine Fiplingdal til NTB.

Saman med Jon Eirik Fiplingdal og dottera Ellie (2) har ho teke turen frå Trofors og inn til bystranda i Mosjøen for å nyte 25 grader og sol tysdag formiddag.

Familien sender likevel nokre tankar til folk som er ramma av ekstremvêret Hans lenger sør i landet.

– Det er trasig med øydeleggingane og dei som får øydelagt husa sine, seier Fiplingdal.

Fint i heile landsdelen

Vakthavande meteorolog Elise Gloppen Hunnes ved vêrvarslinga i Nord-Noreg melder om strålande vêr i heile Nord-Noreg.

– Det er ein veldig fin dag. Temperaturane skal stige godt i heile landsdelen, og det er venta opp mot 30 grader i Troms, mellom anna. Elles er det stort sett venta opp mot 25 grader, seier ho til NTB.

Sjølv held meteorologen til i Tromsø og kan melde om nesten skyfri himmel.

– Sola har komme fram og temperaturen har byrja å stige, seier ho.

Ho melder om frålandsvind i Troms og Finnmark og litt skyer på morgonen, men seier at det klarnar opp. I Nordland var det mykje lyn og tore natt til tysdag, men også der klarna det opp.

Rømde frå «Hans» etter varsling

På stranda i Mosjøen møter vi også Katharina Hogh-Binder og døtrene Smilla (7) og Juli (3) frå Stuttgart i Tyskland.

– Vi er glade for at vi klarte å rømme frå «Hans», seier Hogh-Binder i det strålande solskinet.

Ho lovprisar det norske nødvarselet som poppa opp på mobilen måndag ettermiddag, og som gjorde at dei gjennomførte ei ruteendring.

– Vi visste ikkje om ekstremvêret før varselet kom. Vi er på ferie og les ikkje nyheitene heile tida, seier ho.

Familien frå Stuttgart er på ein tre månaders noregstur. Ektemannen ligg og søv i bubilen etter ein ekstra lang køyretur måndag.

– I dag blir det ein strand-dag. Og så dreg vi vidare til Lofoten, seier ho.

Store kontrastar

Også i Lofoten er det meldt finvêr dei neste dagane.

Kontrastane er store til lenger sør i Noreg, der ekstremvêret «Hans» har skapt store øydeleggingar.

– Noreg er jo eit veldig langstrekt land, så det kan ofte vere store forskjellar frå nord til sør og frå aust til vest, forklarer meteorolog Elise Gloppen Hunnes.

Denne gongen er det Nord-Noreg som har komme heldigast ut av det.

Sånn har det eigentleg vore gjennom mesteparten av denne sommaren.

– Det har vore tørrare enn normalt i Nord-Noreg i sommar, og varmare enn normalt. I Sør-Noreg har det stort sett vore motsett, våtare og kaldare enn normalt, seier Hunnes.

Powered by Labrador CMS