nyhende
Svømmestuntet som vart tøffare enn berekna
Bømlafjorden kan vere lunefull. Det fekk tre trimsvømmarar nyleg erfare.
Tre trimsvømmarar la nyleg ut på ein symjetur som vart langt tøffare enn det dei såg føre seg. Dei tok dei første svømmetaka ved Totsholmen, heilt sør på Moster, og la i veg mot Auklandshamn som var målet.
— Det var fint vêr i starten. Men det bles opp litt etter kvart, og me merka at sjøstraumen etter kvart vart tøff å handtere, fortel initiativtakar og utflytta sveibu, Richard Jacobsen.
Utvida distansen
Han er ein del av ei gruppe private trimsvømmarar som stadig set seg nye mål i det våte elementet.
Sidan 2011 og fram til i 2020 svømte dei årleg dei om lag to kilometerane frå Nappholmane til Auklandshamn. I fjor utvida dei ved å svømme over heile Bømlafjorden, om lag 5,7 kilometer.
— Det var tøffare i år enn i fjor. Og eg fekk tok inn bra med sjøvatn, slår han fast.
I fjor starta dei dessutan lenger nord på Bømlo.
— Det burde me nok gjort også i år, seier han etterpåklokt.
Tatt av straumen
I fjor var dei sju, men i år vart dei berre tre svømmarar som heiv seg i bølgjene. Dei to andre var Astrid Opedal frå Sveio og Torleif Narheim frå Karmøy. Mens dei to mennene kjempa for å halde kursen, og nådde målet etter å ha strevd seg gjennom 5,7 kilometer med nokså opprørt saltvatn, måtte Astrid Opedal la seg drive med straumen litt lenger sør, og kom i land i nærleiken av Tjernagel.
Men alle tre kom seg trygt over fjorden etter vel tre timar i sjøen. Tre følgjebåtar var med for å sikre tryggleiken til svømmarane. Den eine også utstyrt med VHF for å varsle andre båtar.
Og etter å ha slappa litt av vart det klart for «afterswim» i garasjen til Jacobsen i Auklandshamn.
Dei spreke svømmarane har ikkje gitt seg før år.
— Det blir kanskje ein siste tur, truleg ved Skånevik, fortel han.