nyhende

Politi

Svinga unna for dyr og hamna utanfor vegen

Tysdag ettermiddag melder Sør-Vest politidistrikt om eit trafikkuhell i Tjernagelvegen. Det skal ha skjedd klokka 13.39.

Publisert Sist oppdatert

Det er eit einsleg køyretøy som har hamna utanfor vegen.

Klokka 13.49 melder operasjonsleiar Helene Rygg Ims at brannvesenet har kome til ulykkesstaden, og at det framstår som det ikkje er personskade.

– Sjåføren forklarar at ulykka skjedde som følge av at ho skulle svinga unna eit dyr (vilt). Sjåføren fekk bremsa kraftig ned, bilen snurra rundt og køyrde deretter inn i ein fjellvegg. Det er bestilt bilberging, og vegen er åpen for trafikk, opplyser operasjonsleiaren klokka 14.22.

Powered by Labrador CMS