nyhende

På mobiltelefonen kan ein oppleve svindelmetodar gjennom tekstmelding, telefonsamtale og hacking i sosiale medium. Foto: Annika Byrde / NTB / NPK
På mobiltelefonen kan ein oppleve svindelmetodar gjennom tekstmelding, telefonsamtale og hacking i sosiale medium.

Svindeltrendar å sjå opp for i sommar

– Spesielt tre svindeltrendar gjeld no, åtvarar Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit.

Publisert Sist oppdatert

– Bruk sunn skepsis når noko verkar for godt eller spesielt til å vera sant, råder Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom) i ei pressemelding.

Stopp opp, tenk etter og still spørsmål, er det beste tipset frå anti-svindeleksperten Johannes Myhre Vallesverd.

Han åtvarar spesielt mot desse tre svindeltrendane i sommar: Spoofing av utanlandske nummer, SMiShing og kontokapring i sosiale medium.

Spoofing av utanlandske nummer

Teknikken går ut på at svindlaren tjuvlåner eit nummer, som gjerne er utanlandsk, med mål om at du svarer telefonen og oppgir sensitiv informasjon som svindlaren kan misbruka, ifølgje Vallesverd.

SMiShing

I SMiShing prøver svindlaren å skaffa informasjon han kan utnytta, via tekstmelding. Til dømes passord eller bankinformasjon, påpeikar Vallesverd.

Svindlaren kan gi seg ut for å vera ein offentleg etat og si at du skal ringja, eller han kan be deg om å gå inn på ei lenkje kjapt for å unngå bot, ifølgje han.

Kontokapring i sosiale medium

Kontokapring går ut på å hacka brukarkontoar i sosiale medium. Atter er målet å få sensitiv informasjon som kan misbrukast, til dømes til utpressing eller svindel, opplyser Vallesverd.

– Svindlaren gir seg ut for å vera deg, og kan til dømes lata som om du har mista bankkortet ditt og be vennen din om hjelp til å betala ei rekning.

Facebook, Tiktok, Instagram har råd for dei som er hacka, opplyser Nkom i pressemeldinga.

Ifølgje Økokrim vart nordmenn i fjor svindla for over 2 milliardar kroner, melder TV 2.

Powered by Labrador CMS