nyhende
Sveiomarknaden er tilbake
Skulekorpset melder at i sommar vert det Sveiomarknad igjen. Sist gong var i 2019, og pausen skuldast pandemien. — Me gler oss, seier Lilly Helland, kasserar i Sveio Skulekorps.
— Eg trur det er den 21. gongen det skal haldast, seier Lilly Helland, kasserar i Sveio skulekorps.
Sveiomarknaden er ei hending som vanlegvis skjer anna kvart år. Sist gong var i 2019. Marknaden i 2021 vart nemleg avlyst grunna pandemien.
Gler seg
No som ting har roa seg kjem Sveio skulekorps med ei gladmelding. Dei skal halda marknad i sommar.
— Det vert mykje arbeid, men veldig kjekt, humrar Helland.
Ho står klar for å ta imot påmeldingar til marknaden. Den skal haldast helga 3. til 4. juni, og finn stad i idrettshallen Vigdartun.
Som vanleg lovar skulekorpset salsbuer, lotteri, utstillingar, underhaldning og sjølvsagt god stemning. Detaljane er framleis for tidleg å gå inn på.
— Det er lite som er spikra enno. Me held på å jobba med det, seier Helland.
Noko som vert annleis er at det ikkje vert tivoli, og det skuldast eit høgdeproblem.
— Me får ikkje tivoli fordi dei kjem seg rett og slett ikkje under brua som går frå Vigdartun til hovudbygget, seier Helland.
Difor er dei i tenkeboksen om kva som skal erstatta tivoli.
— Me leitar etter alternativ til noko som barn og ungdom kan mora seg med, seier Helland.
Heldigvis er det mykje morosamt ein kan gjera inne på skuleområdet frå før, poengterer ho.
Barna som drivkraft
Marknaden går over to dagar. Sjølv om dei vaksne hjelper til, så er det barna som er drivkrafta.
— Det er ei skikkeleg dugnadshelg for oss. Barna står i kiosken, dei hjelper til, og dei er ein del av underhaldninga, seier Helland.
Dei 10 musikantane og dei 11 aspirantane får alle saman ein viktig rolle for marknaden.
Fristen for påmelding er 10. mars. Ho gler seg til å koma i gang med arbeidet, som det allereie har vore mykje av.
— Det er eit svangerskap med planlegging, for me byrjar i september og marknaden er i juni, spøker Helland.
Mest av alt gler ho seg til sjølve marknaden.
— Håper du på godt vêr?
— Me kryssar det me har, og kan ikkje gjera noko anna. Me har lagt inn bestilling på fint ver, humrar Helland.
Ho er positiv til korleis det vert. Både fordi utstillarar kan velja mellom ute og inneplass, og grunna si eiga erfaring.
— Me brukar i alle fall å få ein dag med fint vêr, seier Helland.