nyhende
Sveiogata enda opp i Flatnesvegen
Den 19 år gamle asfalten som låg i Sveiogata er oppfrest og lagt på Flatnesvegen. Ein aldri så liten revolusjon for brukarane av vegen, som er vane med grusdekke og tilhøyrande plager.
– Det er ekstremt mykje trafikk på denne vegen. Det er ikkje så mange fastbuande, men det er hytter og tungtrafikk i samband med hytteutbygging og gardsdrift, seier John Anders Semb, som stadig mottar klagar på humpar og hól.
Derfor var det også denne vegen som blei prioritert, når kommunen fekk lov av fylkeskommunen til å nytta asfaltmassane tilsvarande 750 tonn på eigne vegar.
Då asfalten i Sveiogata blei frest bort, stilte Sveio kommune med bil i to netter for å køyra vekk massane. Godt over halvparten går til Flatnes.
Prøveprosjekt
Sveio kommune har oppsyn med rundt ti mil grusveg, og det er første gongen at granulat blir lagt på grusveg.
– Me håpar at dette er noko som virkar på grusvegar, slik at me slepp så mykje problem med hól. Når eg er her ute på jobb, ser eg at folk køyrer ganske fort, så det er ikkje rart at vegen går sund, seier Semb.
Strekket på 2,5 kilometer var fredag i sist veke nesten heilt dekka med oppmalt asfalt. For dei lokalkjende, gjenstår nokre hundre meter frå Flatnesvatnet og innover.
Vegen vedteke i 1958
I følgje Haugesunds Avis 27. november 1946 var det einigheit om at vegen burde byggjast snarast. Men det skulle ta tid, først etter eit lengre ordskifte i Skjold kommunestyre i 1958, kom vedtaket som sa at vegen skulle byggast som jordbruksveg over tre år. Oppsitjarane stilte med 20.000 kroner av eigne pengar, medan Skjold kommune, som Flatnes høyrde til den gongen, stilte med 30.000 kroner (Kjelde: Haugesunds Avis, 16. august 1958)