nyhende
Splid om atomkraft i Noreg
Det er eit tidsspørsmål før det blir kjernekraft i Noreg, meiner selskapet Norsk Kjernekraft. SV er det er einaste negative partiet på Stortinget, og meiner julenissen er meir sannsynleg enn ei framtid for norsk kjernekraft.
Kjernekraft har blitt eit tema i norsk energipolitikk, sjølv om vi her i landet framleis ikkje har kjernekraftverk i drift.
Utgreiing i vår
Regjeringa sette i 2024 ned eit offentleg utval som skal greie ut kjernekraft som ei mogleg energikjelde i Noreg. Utvalet skal levere ei samla vurdering no i vår.
Eit fleirtal på Stortinget har bede om utgreiing av kjernekraft der kraftbehovet er stort. Mellom anna har Framstegspartiet nyleg foreslått ei omfattande satsing på kjernekraft, og ber regjeringa leggje til rette for utbygging og planlegging, ifølgje Nettavisen. Forslaget kjem etter at fleire parti har opna for kjernekraft, samstundes som andre energialternativ møter motstand eller utfordringar.
Bakgrunnen er mellom anna brems i havvindprosjekt og motstand mot fleire vindmøller på land, noko som gjer at alternativa blir færre.
Fleire politiske parti på Stortinget har uttalt seg positive til kjernekraft og eit konkret prosjekt i Taftøy næringspark i kommunane Aure og Heim er inne i eit formelt konsekvensutgreiingsløp.
Administrerande direktør Jonny Hesthammer i Norsk Kjernekraft meiner utviklinga går i rett retning.
– Dette er ikkje eit spørsmål om det blir bygd kjernekraft i Noreg, men når. No handlar det først og fremst om politikk og byråkrati, seier Hesthammer til Nynorsk pressekontor.
Folkestøtte med skepsis
Han peikar på at fleire parti har blitt meir positive det siste året, mellom anna MDG, Raudt og Arbeidarpartiet, i tillegg til Frp. SV står igjen som det mest skeptiske partiet, som ikkje har noko vedtak om kjernekraft i partiprogrammet sitt.
Samtidig aukar støtta i befolkninga.
– Rundt 58 prosent av nordmenn er positive til kjernekraft no, på nivå med Sverige, seier Hesthammer.
Interessa ute i kommunane er blitt større. Ifølgje Hesthammer har rundt 100 kommunar teke kontakt for å lære meir om kjernekraft. Tolv kommunar har starta konkrete samarbeid med selskapet.
Bakgrunnen er eit aukande energibehov i Noreg.
– Regjeringa har ein ambisiøs digitaliseringsstrategi, men det finst ikkje nok energi. Då står ein i praksis igjen med to alternativ: havvind eller kjernekraft, meiner Hesthammer.
– Det er sendt inn melding med forslag til konsekvensutgreiingsprogram for ti ulike stadar. Om alt blir noko av, kan norsk kjernekraft bidra med 100 TWh i året. No produserer Noreg om lag 150 TWh årleg. Ifølgje NVE er realistisk potensial for vindkraft estimert til 34 TWh. Det er ikkje nok, særleg ikkje med den veksten vi ser i datasenter.
Samtidig erkjenner Jonny Hesthammer i Norsk Kjernekraft at mange menneske framleis er skeptiske og at historiske ulukker pregar haldningar folk har til kjernekraft.
– Hendingane i Fukushima og Tsjernobyl sit djupt i folk.
Andre løysingar
Lars Haltbrekken (SV) i energi- og miljøkomiteen meiner at land som har kompetanse på kjernekraft, kan satse på det, men at vi i Noreg ikkje burde bruke tid og ressursar.
– Det er typisk norsk kraftdebatt å peike på noko langt fram i tid når ei kraftkjelde blir vanskeleg. Å tru at atomkraft vil løyse kraftbehovet vårt, er like sannsynleg som at julenissen eksisterer, seier Haltbrekken til Nynorsk pressekontor.
Han viser til at oppryddinga frå forskingsreaktorane i Halden og Kjeller er venta å koste så mykje som 50 milliardar kroner.
Han meiner løysingar på kraftbehovet Noreg har i åra som kjem er energieffektivisering, oppgradering av vasskraft, vindkraft nært industri, flytande havvind og solkraft.