nyhende
Sveio vil med på forsøk med startlån
Kommunestyret i Sveio vedtok måndag å ta opp lån på 30 millionar kroner i Husbanken for å få vera med på den nye og utvida forsøksordninga med startlån til førstegongsetablerarar.
Regjeringa lanserte forsøksordninga i forslaget til statsbudsjett for neste år. Forsøket skal vera retta mot dei som etablerer seg for første gong.
Ikkje i målgruppa
– Regjeringa legg til rette for at kommunane kan gi startlån til personar som er noko betre økonomisk stilte enn dei som får startlån i dag. Slik kan me hjelpa nokre fleire inn på bustadmarknaden, sa kommunal- og distriktsminister Erling Sande (Sp) i samband med presentasjonen av statsbudsjettet.
Regjeringa har sett av 500 millionar kroner til føremålet i 2024 og ein milliard i 2025. Husbanken har også informert om at førstegongsetablerarar i pressområda og dei som bur i distriktskommunar med dårleg fungerande bustadmarknad, vil bli prioriterte. Sveio fell truleg utanfor begge desse kriteria.
Kort frist gir håp
Vilkåret for å koma med i forsøksordninga for 2024 er at kommunane sender søknad til Husbanken og gjer vedtak om låneopptak før 6. desember. Dersom mange ikkje klarar å overhalda denne fristen, ser Sveio ein sjanse for at kommunen likevel kan få tildelt midlar. Og dersom Sveio kjem med i ordninga, men ikkje ein eller fleire av nabokommunane, kan det gi eit fortrinn i konkurransen om å trekkja til seg huskjøparar.
Denne saka blei eigentleg lagt fram for politikarane som melding, men etter forslag frå Linn Therese Erve (Ap) gjorde kommunestyret samrøystes vedtak om låneopptak med ein gong.