nyhende

På si eiga side fekk Nerland gjeve beskjed om kva som hadde skjedd.
På si eiga side fekk Nerland gjeve beskjed om kva som hadde skjedd.

Sveio Venstre si Facebookside er stengt

No har enda eit lokallag i Sveio fått Facebooksida si stengt. Denne gongen er det Venstre. Årsaka er at Facebook trur lokallag er falske kopiar av nasjonale parti sine sider.

Publisert Sist oppdatert

– Den har nettopp vorte stengt. Det kan vera noko liknande som hendte med Sveio Ap. Det same skjedde også nyleg med Bømlo Venstre si side, seier Bernhard Endseth Nerland, andrekandidat for Venstre i Sveio.

Feilmeldinga han har fått opp fortel at dei har brote ein regel, utan at det er tydeleg kva regel.

– Me i Venstre har ikkje delt noko som burde ha resultert i at dei stenger sida vår, humrar Nerland.

Problem for alle parti i Noreg

Thomas Tangen er presse- og kommunikasjonssjef for Venstre på Stortinget. Han forklarar kva som har skjedd.

– Dette er eit problem for alle parti i Noreg. Facebook forvekslar Venstre sine lokale og si nasjonale side. Då trur algoritmen i Facebook at dei lokale sidene er kopiar, forklarar han.

Noko liknande hendte nyleg med fleire av Arbeidarpartiet sine lokale sider rundt om i Noreg.
Tangen fortel at fleire nasjonale parti har gått saman om problemet og er i løpande dialog med Facebook sin eigar, META.

– Det er eit stort demokratisk problem, seier han.

Så langt har ikkje META kome opp med ei særleg god løysing.

– Dei ba oss kome med ei liste over alle lokallag sine Facebooksider, ei veke før valet. Me har ikkje noko register på det for Facebooksider. Her har dei rett og slett gjort ein «bommert» avsluttar Tangen.

Powered by Labrador CMS