nyhende

Nestleiar og leiar i Sveio eldreråd, Helge Matre til venstre og John Gustav Eilerås.ARKIVFOTO: KARI NILSDATTER HAUKÅS
Nestleiar og leiar i Sveio eldreråd, Helge Matre til venstre og John Gustav Eilerås.

Sveio treng eit aktivt eldreråd

Sveio eldreråd ser det som svært viktig å ivareta interessene til eldre i kommunen og bidra til at deira syn kjem fram.

Publisert Sist oppdatert

Sveio eldreråd

• Eldrerådet er eit rådgjevande organ for kommunen og skal behandla alle saker som gjeld levekår for eldre.

• Rådet kan sjølv ta opp saker som gjeld dei eldre i kommunen. Rådet har møte- og talerett i kommunestyret.

• Eldrerådet består av fem medlemmer med fem varamedlemmer som blir valde av kommunestyret.

• Det blir stilt krav til kjønnsbalanse i rådet.

For perioden 2020-2023 har Sveio eldreråd desse medlemmene:
John Gustav Eilerås (leiar)
Helge Matre (nestleiar)
Berit Askevold Eriksen
Einar Toralf Halleland
Aslaug Kinn

Varamedlemmer
Hjalmar Lokna, Narve Milford og Rakel Øyerhamn. Kjelde: Sveio kommune

– Sveio eldreråd har som mål å bli meir bevisst og aktivt, me vil følgja med, politikarane og kommuneadministrasjon skal få merka at me finst, fastslår John Gustav Eilerås (leiar) og Helge Matre (nestleiar).

Eilerås er inne i sin første periode i eldrerådet, medan Matre er inne i sin tredje. Begge tykkjer arbeidet er interessant, men meiner det godt kunne vore fleire saker. Det har dei tenkt å gjera noko med. Det er nemleg to engasjerte pensjonistar som møter oss og som vil snakka om kor viktig det er å ha eit aktivt eldreråd i kommunen.

Vera synleg og gjera ein forskjell

Begge har mange jern i elden og mange erfaringar å ausa av, og er opptekne av at eldrerådet skal vera synleg og at det skal gjera ein forskjell.

Eilerås har bakgrunn som hovudtillitsvald i Kommuneforbundet, og er for tida sekretær i pensjonistlaget.

Matre har lang fartstid i eldrerådet, og er aktiv i både Seniornett og Senioruniversitetet.

– Kva saker kan de hjelpa med?

– Me representerer alle eldre i kommunen, og ønskjer å fronta deira saker. Det kan vera alt frå å legga til rette for dei som har kome innafor omsorgstenestane, eller til dømes å hjelpa heimebuande med å finna igjen ein brannkumme som ingen lenger veit kor er. Dei eldre skal føla tryggleik i heile kommunen, poengterer Eilerås.

Ønskjer innspel

Torsdag denne veka hadde Sveio eldreråd til sitt første møte denne hausten. Rådsmedlemmene er interesserte i innspel og vil gjerne høyra frå eldre i kommunen dersom det er saker dei bør ta opp. Ein kan også venda seg til rådet sin sekretær, Bjarte Stølås Storli i Sveio kommune.

Meir om eldreråd kan du lesa på regjeringen.no.

Sveio eldreråd 2020-2023. Frå venstre Aslaug Kinn, Helge Matre, Berit Askevold Eriksen, John Gustav Eilerås (leiar) og Rakel Øyerhamn. Sistnemnde steppa inn som vara for Einar Halleland som var forhindra til å møta.
Powered by Labrador CMS