nyhende
Sveio tilbyr fjerde vaksinedose til alle over 65 år
I september blir det to dagar med drop in-tilbod for personar over 65 år i Sveio som ønskjer ein fjerde oppfriskingsdose av covid 19-vaksinen.
RETTING: Vi kom ved publisering av første versjon av denne saken i skade for å skrive at den andre vaksinedagen ver 15. desember. Det er feil. Det rette er 15. september.
Tilbodet blir gitt i soknehuset. Dei to vaksinasjonsdagane blir tysdag 6. september og torsdag 15. september. Nærare informasjon om dette blei måndag publisert på kommunen sine nettsider.
— Me kjem ikkje til å gjennomføra masseinnkalling til vaksinasjon denne gongen, seier vaksinasjonskoordinator Janne Dirdal Østerli til Vestavind.
Også på apoteket
Ho legg til at sveibuane også har eit ståande tilbod om å få covid 19-vaksine på apoteket i Sveio sentrum. Kvar tysdag kan alle over 16 år få første, andre og tredje vaksinedose på apoteket, og personar over 75 år fjerde dose. Tilbodet er gratis både på apoteket og dei to dagane på soknehuset, stadfestar Østerli.
Det må gå minst fire månader mellom tredje og fjerde vaksinedose. Dei som har vore koronasjuke, blir dessutan tilrådd å venta i tre veker etter at sjukdommen er over før dei får den fjerde dosen.
God dekning
Østerli seier at Sveio har god vaksinedekning i dei eldste aldersgruppene. Folkehelseinstituttet sin statistikk viser at 590 personar i aldersgruppa 65-74 år har fått den tredje vaksinedosen. 24 personar i denne gruppa har til og med sikra seg fjerde dose.
I aldersgruppa 75-79 år har 194 fått tredje dose og 39 fjerde dose. Tilsvarande tal for gruppa 80-84 år er 90 og 23. I gruppa frå 85 og oppover har 110 fått tredje dose og 43 fjerde dose. Totalt i alle aldersgrupper har 3.112 sveibuar fått tredje dose og 166 fjerde dose.