nyhende
Sveio Taxi har flytta basen sin
Frå og med denne veka er Sveio Taxi stasjonert i Sveiogata 67, i dei tidlegare lokala til Engelsen bygg AS.
Sveio T. Eiendom AS heiter eit nytt selskap, oppretta av taxieigarar i Sveio. Saman har dei kjøpt ein seksjon, nærare bestemt underetasjen av Caiano sitt bygg i Sveiogata 67 – også kalla Kiwi-bygget. Arealet er på rundt 400 kvadrat medrekna garasjedelen.
Fem lokale aksjonærar
Dei fem aksjonærane er Helge Tofte, Antonio Perez, Odd Arne Eikeland, Andreas Bårtvedt og Johannes Storli. Sveio Taxi har for tida ni bilar i fast køyring, men har 12 bilar disponibelt totalt.
Med på lasset blir Tide busselskap, som frå før er leigetakar hos Sveio Taxi. Det er no søkt Sveio kommune om å få utvida utearealet og få kopla plassen til Steinhaugvegen med veg. Begge delar som ei mellombels løysing.
Tilpassa behov
Vestland fylke set krav til at transportnæringa meir og meir skal over på el-bilar. Helge Tofte har sjølv investert i to bilar som treng lademoglegheiter. Utstyr til dette kjem på plass i løpet av denne veka.
– Dette med bussane har påskunda flyttinga vår, seier han.
Anette Tofte har dei siste seksten åra kombinert kontorarbeid med drosjekøyring.
– Eg ser fram til å få ei kontordør å lukka når eg driv med rekneskap, oppgjer og logistikk, seier ho.
Ektemannen Helge har 32 års fartstid som drosjesjåfør og er den som har slite mest asfalt av dei to, årleg køyrer han tre gonger rundt jorda. Slår ein saman både privat- og næringskøyring, blir det over 3,5 millionar kilometer på både bil, buss, lastebil og motorsykkel.