nyhende

Auklandshamn skule og Valestrand oppvekstsenter.
Auklandshamn skule og Valestrand oppvekstsenter.

Sveio SV om skulestruktur

I Sveio SV har alle som er medlem i partiet hatt høve til å seie si meining i saka om skulestruktur. Me har hatt ei arbeidsgruppe som har jobba med rapporten til Telemarksforsking og argument for og imot. Som einaste representant for partiet i kommunestyret ville eg stå for det som fleirtalet i partiet gjekk inn for.

Det har vore viktig for meg personleg at me ikkje tok eit felles standpunkt i saka før alle høyringsfråsegnene var på plass, og at me hadde handsama dei tilgjengelege dokumenta grundig og i respekt av kor mange denne saka rører ved. Her vil eg altså gjere greie for noko av det som var avgjerande for meg og SV Sveio når me gjekk inn for ikkje å støtte nedlegging av skulane Auklandshamn og Valestrand.

Då Telemarksforsking la fram rapporten sin for oss i kommunestyret i desember, var det ein freistande tanke å få eit par sårt trengte millionar inn i skulesektoren. Som tilsett ved den største skulen i Sveio og som mamma til elevar der, var det lett å sjå føre seg korleis kvar krone kunne nyttast til mindre klassar og meir hjelp til dei som treng det. Også i denne saka er alle seg sjølv nærast, uansett kva argument ein legg til grunn og kva side ein landar på.

I skulesaka ser meat kjenslene kjem fram, på godt og vondt, og både hjarta og hjernen er kopla på i argumentasjonen på begge sider.

I skulesaka ser me at kjenslene kjem fram, på godt og vondt, og både hjarta og hjernen er kopla på i argumentasjonen på begge sider. At alle me som sit i kommunestyret ynskjer sveibuen best mogleg utdanning og levekår, kan eg skrive under på. At me har forskjellige perspektiv på korleis dette best skal gjerast, likeeins. Eg meiner det må vera ein fordel at me som er folkevalgte har evna til å ta slutningar som kan vera upopulære, men som når ein ser saka i heilskap er nødvendige for at folk flest skal ha det bra.

Samstundes bør me kunna sjå ei sak ikkje berre frå vår eigen ståstad med eigen kunnskap og eigne erfaringar, men kunna prøve å sette oss inn i saka frå dei som er berørte. Korleis ville eg kjent det om dette gjaldt mitt barn, min kvardag eller mi bygd?

Då må me lytte til dei det gjeld. Når me planlegg for korleis det skal vera å bu i Sveio no, og i framtida, er folkehelseperspektivet viktig. At 58% prosent av elevane allereie i dag tek buss, er eit tynt argument for at enda fleire skal ta buss.

Av dei 58 % som tek buss er ungdomsskuleelevane medrekna. Det er i budsjettet sett av pengar til trafikksikringstiltak på skulevegen, nettopp fordi dette er ei stor utgift og fordi me ynskjer at så mange som mogleg skal kunne gå til skulen. For kvar enkelt elev som kan gå eller sykla til skulen er det verdifullt, uavhengig av kor mange andre som må ta buss.

I eit folkehelseperspektiv, men også i eit psykososialt og læringsperspektiv har fysisk aktivitet, og då særleg før undervisning, vist seg å ha effekt på regulering, hukommelse og læring. Når me ser at unge er mindre fysisk aktive no enn før, og konsekvensane av dette, er det viktig at me gjer det me kan for å legga til rette for at dei er meir aktive. Å sitte på ein skulebuss opp imot to timar kvar dag er ikkje førebyggjande i eit folkehelseperspektiv. Sjølv ikkje for dei som ellers tek buss, men med samanslåing får ein lengre tur.

Eg ser det kjem fram i debatten at lærarane treng meir tverrfagleg samarbeid for å ivareta den sosiale opplæringa og den psykososiale helsa til elevane. Her blir det nemnt fleire yrkesgrupper mellom anna miljøterapeut og sosiallærar. Så vidt eg kjenner til er det berre Sveio og Vikse skule som har miljøterapeutar i dag, og ingen av skulane har sosiallærar. Heller ikkje Førde skule.

Når det kjem til lærarane sin kompetanse på desse områda, har dette vore ei felles kommunal satsing der alle skulane har fått same opplæring. Til dømes har skuleutviklingsprogrammet RESPEKT vore implementert på alle skulane og utviklingstida og planleggingsdagar, som tek opp desse tema har vore felles for dei tilsette ved skulane. Eit tilbod om helsesjukepleiar bør ein arbeide for å ivareta på alle skulane, uavhengig av skulestruktur. Her må ressursane fordelast, og eg er heilt sikker på at helsesjukepleiar kan køyre ut til dei skulane det gjeld, raskare enn skulebussen fraktar elevane inn til Førde.

I debatten går det att og fram om denne saka gjeld pengar eller pedagogikk. Og slik saka er lagt fram av rådmannen er ikkje psykososiale eller den pedagogiske kvaliteten ved skulane lagt fram som ei bekymring som skal tas med i vurderinga. Summen ein kan spare inn ved samanslåing kan fort også bli forsvinnande liten når ein trekk frå utgiftene som kjem med. I drøftinga i eige parti vart dette difor ikkje vektlagt som eit godt argument for samanslåing. Vinninga kan fort gå i spinninga, slik me har sett før.

Eg trur faste jobbar er det som skal til for å rekruttera fleire lærarar til skulane i Sveio, ikkje færre, litt større skular.

I rådmannen sitt framlegg blir det lagt fram ei bekymring kring rekruttering av kompetente lærarar til småskulane. Me har mange søkarar til lærarstillingane i Sveio. Problemet er vel i aller største grad at me klarar å rekruttere, men ikkje behalda folk i skulen. Lærarar kan risikere å jobbe i vikariat i mange år før dei får ei fast tilsetjing, og då fér dei så snart denne moglegheita opnar seg ein annan stad. Eg trur faste jobbar er det som skal til for å rekruttera fleire lærarar til skulane i Sveio, ikkje færre, litt større skular.

Sveio SV støttar ikkje avgjerda om å ta bort den allereie etablerte inntekta til kommunen, eigedomsskatt. Det er også i denne saka sjølvsagt snakk om pengar og stramme budsjett for drift. Når eit av hovudargumenta er at pengane ein sparer på samanslåing skal gje eit betre tilbod for alle elevane i Sveio og me ikkje har nok pengar til å fortsatt drifte kommunen slik me gjer i dag, må me i det minste halda fram med å ha den vesle inntekta me har.

Eg meiner det blir feil når dette argumentet blir feia bort som populisme, retorikk og forenkling av saka, fordi alt heng saman. Vidare bør me sjå på gode løysingar for innsparingar og effektivisering av drifta der det går an. Me har t.d. gode resultat med prosjekt innan helse som har positive effektar for både sjukefråvær og tenestene ut i kommunen. Tek me fram kreativiteten og fornuften i det me vedtar framover, kan me nytta kvar krone me har best mogleg for alle innbyggjarane i Sveio kommune, utan å endra skulestrukturen.

Kristina Ballard
Kommunstyrerepresentant for Sveio SV

Powered by Labrador CMS